Fadderveke for internasjonale studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det er eit eineståande høve til å bli kjend med nye menneske frå andre kulturar. Internasjonalt kontor melder at ein ventar studentar frå mellom anna Tyskland, Irland, Spania, Latvia, Polen, Ungarn, Austerrike, Frankrike, Asia.

Nye impulsar
Ved studiestart er det fadderveke, og dei internasjonale studentane treng fadderar som kan gje ein varm og trygg velkomst. Som fadder vil du kunne delta på aktivitetar som Pangaia  og International Club arrangerer ? båtturar, grillfestar, bowling, friluftsaktivitetar og kveldar på Rokken. Du vil dele oppfatningar, kultur og idear med menneske frå andre delar av verda og få nye impulsar tilbake.

5174173dcb1fc189c1c56a34688a1d3889c62f84
Internasjonale studentar samla i Pangaia under studiestart hausten 2008.

Ellen Flå, fadder for internasjonale studentar, deler gjerne av sine erfaringar.

– Ved høgskulen er det eit mangfald av studentar frå heile verda. Som fadder for dei internasjonale studentane fekk eg høve til å møte menneske frå heile Europa, Asia og Afrika. Eg vart kjend med ulike kulturar og språk på ein ny måte. Det er ei oppleving eg ikkje gløymer, og eg har fått nye venner for livet. Dei har vore på besøk her i ettertid, og eg håper å reise til dei neste gong, fortel ho.

Er du interessert? Send ein e-post til Iulia Beleuta: beleuta@hivolda.no. Du vil ikkje angre.

Del på