Fekk høyre om barnevernsbarn sine eigne opplevingar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

ddeff506940ac53efa47a21cdc9ffdaf

Studentar ved barnevernspedagogutdanninga og sosionomutdanninga ved HVO var måndag samla for å høyre på, lære av og diskutere med to som tidlegare har vore tatt hand om av barnevernet.

Landsforening for barnevernsbarn (LFB) ved Jonas Østvik, som sjølv fullførte barnevernspedagogutdanninga ved HVO i 2013, hadde med seg erfaringskonsulentane Thomas Johansen og Siw-Helen Eikrem.

FEKK HJELP ALT FOR SEINT

Dei har begge vore mykje i kontakt med barnevernet, men hadde vidt forskjellige historier å fortelje studentane.

– Eg har ei solskinshistorie å fortelje dykk. Då eg var 12 år flytta eg inn ein fosterheim. Det blei gjort eit fantastisk forarbeid før eg skulle flytte, og eg fekk sjølv påverke mykje. Eg var så ufatteleg heldig at dei to brødrane mine også flytta inn i den same heimen. Då vi svinga opp til huset den gangen var det som 17. mai for oss, då ein stor familie med onklar og tantar og alt sto og tok i mot oss. Eg har framleis god kontakt med familien, fortalde Johansen, som i dag er 37 år.

Like godt opplevingar har ikkje Siw-Helen Eikrem. Ho er eit døme på at alt ikkje alltid fungera i barnevernstenesta.

– Eg vaks opp i Volda og vart tatt hand om av barnevernet då eg var fem og eit halvt år, men det burde skjedd lenge lenge før. Eg har budd i ti forskjellige heima, og har ikkje ei solskinshistorie som Thomas har. Eg er den rake motsettinga, sa Eikrem.

– INVOLVER BARNA

Østvik arbeider som koordinator i LFB, og han meiner det er viktig at studentane får høyre frå personar som har opplevd korleis det er å bli tatt hand om av barnevernet.

– Eg håper studentane får ei betre forståing for «den andre sida» av den jobben dei skal gjere når dei tek til å jobbe. At dei forstår korleis barn opplev den hjelpa dei får frå barnevernet. Vi ønskjer å gi dei eit litt anna perspektiv på fagområdet enn det dei elles kanskje lærar mest om på skulen, seier Østvik.

Gjennom jobben sin i foreininga møter han barnevernsbarn jamleg. Med temadagen på HVO ville han minne studentane om at dei må sjå ein sak frå fleire sider.

– Vi ønskjer å gi ei positiv innverknad på utføringa av faget. Det går på haldningar og kva ein skal fokusere på. Da barnevernloven vart endra i 2004 vart det snakka meir positivt om at barn skulle ha medverknad i si eiga sak. Men ser ein på saker frå fylkesnemndene har det ikkje skjedd nokon endring i praksis. Det hender ofte at foreldre og andre vaksne personar rundt barnet blir spurt ut om situasjonen, utan at barnet sjølv blir tatt med i diskusjonen. Det er det viktig å gjere studentane oppmerksame på, meiner Østvik.

I tillegg til at Johansen og Eikrem fortalde si historie, var det lagt opp til mykje diskusjon.

– Det er fint at studentane vert involvert. Med samtalar som inkludera dei får vi drøfte ulike problemstillingar som er aktuelle i yrkeslivet. Vi ser på kva som er bra i barnevernet og kva som trengs for å få det betre, fortel Østvik.

pressefoto

Jonas Østvik

Del på