Fin budsjettauke for Høgskulen i Volda

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

Ein del av auken frå 2012 til 2013 er kompensasjon for pris- og lønsjustering, men realauken er på 5,4 prosent. Det meste av veksten skriv seg frå studiepoenga som vart avlagde i 2011.
– Mengda av eksamenar som studentane våre gjennomførde i fjor utgjer ei styrking av budsjettet for neste år med elleve og ein halv million, forklarar Halse.

Forsking
Medan løyvinga for studiepoeng er ein open pott der alle institusjonane får betalt for den faktiske produksjonen, vert forskinga honorert frå ein «lukka pengepung». Midlane som skal oppmuntre til forskingsaktivitet er avgrensa og fastlåste slik at når dei fleste i klassen publiserer meir, vert det færre kroner for kvar bok eller artikkel. Rektor Halse synest dette harmonerer dårleg med at regjeringa seier dei vil styrke forskings- og utviklingsarbeidet.

5c334d14712e5127838435d51f9f3be84522f4c3
HAR PRODUSERT MYKJE: Rektor Per Halse meiner at auken i løyvinga på 22 millionar kroner er betalinga for at Høgskulen i Volda har vore flinke og produsert mykje.

Halse ser det heller ikkje som noko positivt signal for FoU-aktiviteten at budsjettet manglar satsing på nye stipendiatstillingar.
– Både for høgskulen vår og for Noreg som kunnskapsnasjon er det avgjerande at styresmaktene snart prioriterer forskinga høgare, fortel han.

Hadde forventingar om ekstraløyvingar
Høgskulen i Volda driv svært effektivt og får mykje ut av relativt tronge rammer.
– Samanlikna med andre høgskular av tilsvarande storleik, burde budsjettet vårt vore monaleg større, seier Halse, og legg til:
–  I år hadde vi forventningar om ei ekstraløyving til oppdatering av teknisk utstyr for mediefaga, men det har departementet ikkje funne rom for. Det er å vone at politikarane framover vil støtte opp om ei sterkare satsing på Høgskulen i Volda, avsluttar Per Halse.

Foto: Carl Nesset

Del på