Flinke studentar ved HVO

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1254df5453507d1fc355d73a32e4527b633cb255
─ Det er for å studere vi er her, seier Maria Hovland, Eirin Sørensen Røkke, Emilie Helgesen og Helene Lervåg.

Med eit nasjonalt gjennomsnitt på 39,7 %, kjem HVO godt ut. På biblioteket på Berte Kanutte bygget sit det fire jenter som studerer PR, kommunikasjon og media som har nokre tankar om kvifor.  

─ I Volda har ein både tid og råd til å vere fulltidsstudent. Det blir også forventa at studentane skal vere ferdig på normert tid, det er det som er det normale, seier Eirin Sørensen Røkke.

Det sosiale blir også trekt fram som eit viktig element.

─ Vi slepp å jobbe ved sidan av studia og vi får difor meir fokus på skule og studentmiljøet. Frå slutten av mars flyttar vi inn på biblioteket, og då blir det å lese til eksamen sosialt, seier Helene Lervåg.

0df41c758c521bfd92c8168f7ea6fa0b05ac4903
Rektor Per Halse.

GOD OPPFØLGING OG GODT STUDENTMILJØ

Rektor Per Halse og resten av leiinga er godt nøgde med resultata.

─ Det er naturlegvis veldig gledelege tal for oss. Det har lenge vore eit mål at gjennomføringsprosenten skal aukast, og det er bra at den er så høg på bachelorgradene, seier Halse.

Halse peikar særskilt på to faktorar han trur er årsaka til resultata.

─ Eg tenkjer at det har ein del med at studentane våre får tett oppfølging av fagpersonale og at det er lav terskel for å ta kontakt. Eg trur også at studentmiljøet her er betre enn ved større utdanningsinstitusjonar fordi studentane ved ein liten skule får ei kjensle av fellesskap og det å vere ein del av ei klasse, seier Halse.

4489aebcc3300fc397ed87da4785982c343a4460 Høgskulen i Volda rangerar som nest best i landet i forhold til studentar som har fullført bachelorstudium påbegynt høsten 2009 på normert tid. Kjelde: http://www.regjeringen.no/pages/38323295/F-4285B_MaterieHele.pdf

Del på