Folkemøte for alle

Tekst: Webmaster Volda


Av: Maria Finnøy Fagervoll og Sol Sigurjonsdottir

- Vi vil vere ein forlenging av folkerøysta. Det er ikkje ofte ein får snakke med politikarane direkte, og det er noko vi vonar mange vil nytte seg av, fortel ordstyrar Einar Lie Slangsvold. Han og Ane Rygh Harbak har stått i spisen for planlegginga av folkemøtet.
  - Det er mykje å gjere i forkant, men samstundes gler vi oss veldig, seier Rygh Harbak.

For alle
Møtet vil vare i ein og ein halv time, frå klokka åtte på kvelden. Alle ordførarkandidatane vil vere til stades på møtet, og det vil bli ein ledardebatt.
  - Vi trur mange veljarar er lei av store ord, så vi ønskjer å konkretisere de viktigaste lokalsakane. Vi skal gjere det forståeleg for alle, og dei som ønskjer kan få kome til orde. Politikarene vil ta seg tid til å svare på spørsmål frå salen, fortel  Slangsvold.
   Ein av årsakene til at Folkemøtet vert arrangert, er for at dei som vil skal kunne lære meir om lokalpolitikk på ein enkel måte. Dei som er usikre på kva dei skal stemme i forkant av kommunevalet kan få svar under folkemøtet.
  - I Volda er det mange spanande tema å ta opp, men nokre gongar kan det vere vanskeleg å få oversikt over alle. Her vil informasjon gjerast lett tilgjengeleg, seier Rygh Harbak.

Temadebatt
Det er avdeling for mediefag ved Høgskulen som står bak initiativet til Folkemøtet. På møtet vil ein ta opp viktige stridstema i lokalmiljøet. Kva slags tema som vil dominere debatten er førebels hemmeleg.
  - Vi har prøvd å ta pulsen på Volda. Det vil bli debatt om visjonar og verdiar om viktige tema, seier Rygh Harbak.
 

Del på