Første samling for friluftsliv årsstudium

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Situasjonsbestemt pedagogikk er viktig i studiet, og den både vakre og nyttige naturen på Flatdalssetra og Bjørkedalen fungerte ypperleg som ein erfarings- og kunnskapsbasert læringsarena for studentane. Studentar frå heile landet  (og ein student frå Riga) vart godt kjende med kvarandre og med den flotte sunnmørsnaturen i det som også var ein flott bli-kjent-tur. Slik vart samlinga eit viktig utgangspunkt for eit godt læringsmiljø på seinare ekskursjonar.

Studentane vart etter kvart vitja av skipsbyggjar Jakob Helset, som fortalte om skogen, seterlivet og båtbyggjartradisjonane i dalen - før og no. Bjørkedølingar har ein sterk båtbyggjartradisjon, og har historisk sett vore ein viktig leverandør av små og store trebåtar til sunnmøre og vidare. Konteksten gjorde det mogleg for dei fascinerte og læreviljuge studentane å setje seg inn i og reflektere over nyttepotensialet til ulike deler av skogen. Ikkje berre båtbyggjinga var objekt for ein slik refleksjon; fleire tok også i bruk skogen som spiskammers, og laga velsmakande måltid beståande av småaure, blåbær og røsslyng-te.

Nyfikne studentar fekk slik høve til å reflektere over verdiane av fridom og naturen som kontrast til kvardagslivet. Mellom sunnmørsalpane sine tindar gjekk samtalen om det å leve utandørs, og i tillegg til auka kunnskap om vegval og terreng, lærte ein om førstehjelp, sikkerheit og korleis å organisere større turgrupper.

9d4c31469f7bc79f14719e350c2f103db317a3f5

Del på