Fotodokumentar; nytt halvtårsstudium

Tekst: Gaute Hareide

- Oppdatert

86fd35ae09e8c8a13452c27e341f4d4c
Foto: Stuart Franklin Magnum

Dr. Stuart Franklin har vore fagansvarleg for utviklinga av tilbodet og vil stå for undervisninga. Tilbodet er avgrensa til 25 studentar pr. semester. Forkravet er grunnleggande kunnskap om handtering av kamera og lys i tillegg til generell studiekompetanse eller tilsvarande. Søknader med vedlegg kan sendast elektronisk til sok@hivolda.no , gjerne med kopi til gauteh@hivolda.no innan 13. januar 2014.

Studiet er samlingsbasert, og består av to påfølgjande emne; kvart på 15 studiepoeng. For nærare detaljar, sjå Høgskulen i Volda sine heimesider: http://hivolda.studiehandbok.no/content/view/full/33322 http://hivolda.studiehandbok.no/content/view/full/33323 http://hivolda.studiehandbok.no/content/view/full/33324

Samlingane vil vere i veke 4, 7, 12, 17 og 21, og gå frå måndag 1200 til fredag 1200. Unntaket er veke 17 der samlinga blir tysdag 0900 til fredag 1600.

Mellom samlingane skal studentane lage ein portfolio på 12-15 bilder over eit gitt tema, som deretter blir evaluert i neste samling.

Kvart emne tar for seg to beslekta tema.

Første emnet, PDOC-201 Photo Documentary; People and Places ser nærare på korleis ein kan skildre ein stad (ei bygning, ei bygd, ei gate) fotografisk, og korleis ein kan presentere personar og deira historier.

Andre emnet, PDOC-202 Photo Documentary; Capturing Moments handlar om å søke kontakt med andre miljø og respektfullt skildre menneske i ulike aldersgrupper og kulturar. Vidare vil ein øve opp evne til å forutsjå og fange avgjerande øyeblikk i hektiske situasjonar.

Det vil bli gitt individuell rettleiing undervegs gjennom personleg kontakt eller via nettet.

Karakterar blir gitt etter ein tre dagers heimeeksamen for kvart emne, der kandidatane vurderer ein gitt portfolio  opp mot pensum. Bildemappa blir vekta noko tyngre enn det skriftlege arbeidet

Ideen om å setje i gang studiet er resultat av at fleire studentar har ytra behov for meir opplæring i fotografering. Siste ti åra har vi hatt eit tilbod innan grunnleggande foto for media; FME103, og det nye tilbodet kan sjåast som ei vidareføring av dette. Eit møte med Stuart Franklin i Oslo for eit par år sidan, og seinare møter med han under fotofestivalen i Kristiansund har gitt grunnlag for ein forespørsel som han takka ja til. Vi er svært glade for dette, og ser fram til det vidare samarbeidet.

Del på