Fuglefjellet på Runde – ein del av økosystema kyst og hav

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dette var siste samling i faget Utefag som har vore eit valfag i førskulelærarutdanninga i mange år. I den nye barnehagelærarutdanninga vil faget gå i vårsemesteret og har fått nytt namn: «Barn, natur og friluftsliv».

33e55c3af0a983b9539d1d716eb7aa08
Studentane på Utefag studieåret 2014/15 og lærar Randi Holsvik i framgrunnen. Foto: Dag Erik Wold.

Vi reiste onsdagen og fekk først omvising på Runde Miljøsenter. Nils Roar Hareide fortalde om økosystema i Norskehavet og Barentshavet og om viktige fiskeartar som sild, makrell og skrei. Både sild og skrei kjem til kysten av Norge for å gyte frå februar til mars. Egg og larvar fyl havstraumane nordover til det næringsrike Barentshavet der fisken veks opp. Are Pilskog har laga filmen «Havets sølv» som viser kor viktig sildelarvane er for sjøfuglane i hekketida og kor sårbare dei er for endringar i mattilgangen. I dei seinare åra har silda klekt tidlegare, ei ørlita forskyving som kan få store konsekvensar for sjøfuglane i hekketida. Tobisfiskar, små langstrakte fiskar som lever i sandbotnen utanfor fuglefjella, er også svært viktig mat for sjøfuglane.

Lundefugl er den mest talrike sjøfuglen i Norge, og vi reknar med at om lag ein tredjepart av alle lundefuglane i verda oppheld seg langs Norskekysten i hekketida. Både på Runde på Sunnmøre, og på øya Røst i Lofoten finn vi store bestandar av lundefugl, men begge desse bestandane er blitt sterkt redusert dei siste åra. På slutten av 1960-talet var det ein kollaps i sildebestanden på grunn av overfiske. Lundefuglane som er avhengige av sildeyngelen, fekk lite mat og kunne ikkje fø fram ungane sine. Etter at sildebestanden braut fullstendig saman i 1968, har lundefuglane på Røst berre hatt 12 vellykka hekkesesongar, sjølv om sildebestanden no har tatt seg opp igjen. På Runde er bestanden av lundefugl halvert dei siste ti åra og består no av om lag 50 000 par i følgje Hareide på Runde Miljøsenter. Lundefuglen klarer likevel å overleve nokre år utan hekkesuksess sidan den kan bli gamal – over 30 år. Andre artar som har hatt ein markant nedgang på Runde dei siste åra er krykkje, havhest, alke, lomvi og toppskarv.

2e08d919493fcf1421f7c4806029b8e4
Lærar Dag Erik Wold og studentar på veg til Lundeura på Runde. Foto: Randi Holsvik

Tap av biologisk mangfald er eit stort problem i heile verda. Overvakingsgruppa for Barentshavet og Norskehavet, leia av Havforskingsinstituttet, kunne i 2011 rapportere om at  fleire bestandar av sjøfugl er i dårlig forfatning. Det er vanskelig å seie kva som er årsakene til dette, men det blir gått ut i frå at det er mange forhold som spelar inn og at klimarelaterte endringar med auka havtemperatur kan vere ein av årsakene. Klima og miljødepartementet rapporterer at eit varmare hav har ført til ein markant større bestand av makrell. Makrellen kan beite store mengder sildelarvar og tobis, noko som fører til mindre mat for sjøfuglane.

Det er også framleis høge nivå av ikkje- nedbrytbare organiske miljøgifter i sjøfugl og isbjørn. PCB er ei feittløyselige miljøgift som blir lagra i fettevevet til dei ulike artane i økosystemet. Den blir ført vidare frå ledd til ledd i næringskjedene når dei ulike artane et kvarandre og blir oppkonsentrert (bioakkumulert), noko som fører til at topp -predatorar som isbjørn og sjøfugl har dei høgaste nivåa av miljøgifter i økosystema. Hjå sjøfugl kan dette føre til at det går lettare hol i egga og dermed lågare hekkesuksess.

Ein art som det er blitt mange fleire av på Runde dei siste åra er havsule. Denne arten vart observert på Runde for første gang i 1946, men har auka jamt etter det. I 2013 kunne ornitologen Alv Ottar Folkestad rapportere om 3100 reir, med om lag 8-9000 fuglar. Mens dei andre sjøfuglartane har låg hekkesuksess, klarer havsulene seg godt. Dei lever av pelagiske fiskeartar som vaksen sild og makrell, i motsetnad til sildeyngel og tobis som dei andre sjøfuglartane er avhengig av. 

b877d9cdb6fd2981d6a5e46285b6abd0
På veg til Runde fyr for å overnatte. Foto: Randi Holsvik

Denne turen var ein av fleire turar der studentane skulle få erfaring i friluftsliv, samt få auka økologiske forståing. Berekraftig utvikling er ei utvikling som møter dagens behov, samtidig som vi skal ta omsyn til at den oppveksande slekt skal få dekt sine behov. I barnehagen er det viktig å legge til rette for gode naturopplevingar der barna får oppdage mangfaldet av artar og får ei begynnande forståing for samanhengane i naturen. Forsking viser at barn som har gode naturopplevingar tidleg i livet vil ønske å ta vare på naturen som vaksne. Her spelar  barnehagelærarane ei viktig rolle.

Etter å ha vore i Lundeura og sett at lundefuglane var på veg inn frå havet, og til Rundemannen og fuglefjellet med havsulekolonien, sette vi kursen for Runde fyr for å overnatte der. Det er Ålesund turistforeining som held ope for overnatting og der var godt med senger, kjøkken og koselig 50-tals stemning. Det var mange inntrykk som skulle fordøyast etter ein lang dag og både studentar og lærarar sov godt.

Tekst av høgskulelektor i biologi Randi Holsvik 

Del på