Fullt kjør for animasjonsstudentane

Animasjonsstudentane ved Høgskulen i Volda tok sist veke del i utvekslingsprosjektet ”Acting for Animation”. Dette er tredje gongen dette blir arrangert i Volda. Prosjektet fortsett for fullt også denne veka.

8a0d62825232367bd270a7bc831a4c70e55ae96d
Animasjonsstudentar i full aksjon med skodespel

Forrige veke har animasjonsstudentane ved Høgskulen i Volda vore fullt opptekne med utvekslingsprosjektet "Acting for Animation". Prosjektet er eit såkalla Intensive Project (IP) som kort fortald er eit studieprogram som går over minimum ti dagar, og som samlar studentar og lærarar frå høgare utdanningsinstitusjonar. HVO fekk 560.000 kroner av Life Long Learning Programme/Erasmus til dette prosjektet.

- For å halde kurset er det tre krav som stillast. Det må vare minst tre nasjonalitetar og ti studentar som deltek, og hovudtema må vare litt utanom det vanlege, seier Andres Mänd ved animasjonsavdelinga i Volda.

Forrige veke har animasjonsstudentar frå Estland, Wales og HVO arbeida med kroppsspråk og spelt skodespel saman med Robert Bennett. Bennett er ein internasjonal skodespelinstruktør som har spesialisert seg i skodespel i animasjon og for animatørar.

- Prinsippet er at dei lærar å bruke kroppen sin, seier Mänd.

Figurane i animasjonsfilmane verkar som skodespelarar, medan det eigentleg er animatøren som er skodespelaren. Skodespelarbiten av det å produsere ein animasjonsfilm har tradisjonelt vorte mindre vektlagt enn både design og historieforteljing. Det ønskjer dei gjennom dette prosjektet å forandre på.

Intensiv jobbing

Det har vore hard og intensiv jobbing for studentane. Undervisninga startar klokka 10.00 kvar dag med workshops. Deretter har dei pause før to timar teoriundervisning som sluttar 20.00.


- Denne veka skal det dei har lært brukast i praksis. Studentane skal lage animasjonsfilmar og animere dei øvingane dei har gjort. Dei kan sjølve velje kva slags teknikk dei vil bruke, om dei vil bruke dokkar eller 3D-animasjon, seier Mänd.

Prosjektet handlar i første rekke om å bygge kontaktar mellom animasjonsskular i Europa for å auke samarbeidet, og er eit viktig ledd i det å vidareutvikle animasjonsutdanninga i Volda.

- Dette er med på å verkeleg få animasjonsavdelinga her ved Høgskulen i Volda på kartet, ivrar Mänd.

Ein erfaren mann

Robert Bennett, som har instruert animasjonsstudentane denne veka, er ikkje nokon fersking i faget. Han har ei fartstid på 17 år innan animasjon og har reist mykje. Dette er tredje gonga han er i Noreg. Bennett bur og jobbar til vanleg i Frankrike, men reiser mykje til blant anna til Danmark og animasjonsskulane der.

452cff595d2d4bbdc2f71271becb1907ef066ce4- Dei siste to åra har eg også vore mykje i Asia, sidan marknaden beveger seg over dit på grunn av billigare produksjon. Og så har en vore to gonger i Los Angeles, seier Bennett.

Bennett, som og har samarbeida med animatørar frå Pixar og med Disney, jobbar på tre forskjellige skular i Frankrike. Og fleire gonger får han muligheita til å dra på slike prosjekt som "Acting for Animation". Han hadde berre godt å seie om animasjonsstudentane.

- Studentane var flinke, sjølv om nokon var litt sky sidan det blei brukt engelsk. Dei utveksla erfaring med kvarandre veldig bra, og ingen av dei var redd for å prøve seg. 



Instruktør Robert Bennett



Del på: