Går mot digital eksamen for nesten alle frå 2017

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

1dcfe320e9301adc7ddf2ce574e6c141
77 studentar hadde tysdag digital eksamen i Idrettsbygget med eigen berbar datamaskin.

Dei siste dagane har det vorte gjennomført fem eksamenar ved Høgskulen i Volda (HVO) der studentane har brukt sin eigen berbare datamaskin. Eksamenssystemet Inspera gjer dette mogleg, og tysdag sat 77 studentar i Idrettsbygget og skreiv eksamenen sin på denne måten. Høgskulen har gjort ein stor jobb med å få dette klart, og har dobla både internett- og straumtilgangen i Idrettsbygget, som gjer at ein har kapasitet til at 104 studentar kan ta eksamen samtidig på berbar datamaskin der.

– I tillegg kan vi også ta i bruk fleire rom i Kaarstad-huset, som gjer at vi kan ha eksamenar for meir enn det dobbelte av dei 104 på ein dag, fortel prosjektleiar for digital eksamen ved HVO, Hilde Kristin Elvestad.

Fleire moglegheiter

Høgskulens eigne datarom med stasjonære datamaskinar er naturleg nok også i bruk til digitale eksamenar.

– Hovudsakeleg ønsker vi at alle eksamenar skal vere digitale frå våren 2017. Noen vurderingsordningar er det sjølvsagt vanskeleg å digitalisere, men vi håper å få det til med dei aller fleste. Naturfag har vore eit døme der det har vore utfordringar, men no har vi fått til ei ordning der det studentane teiknar vert skanna av eksamensvakta og sendt digitalt saman med resten av eksamenssvaret, fortel Elvestad. Ho legg til at dei til no har gjennomført eksamenane i ein teksteditor som liknar den i Word gjennom Inspera-systemet. I ein eigen digital portal for eksamensinnlevering er det også mogleg å legge til Excel og den grafiske kalkulatoren GeoGebra til bruk i matematikkfaget.

Tar av til hausten

No er det ikkje infrastrukturen ved høgskulen som set grenser for digital eksamen lenger. Elvestad roser måten den nye eksamensforma har vorte motteken av dei tilsette på.

– Eg har høyrt at andre universitet og høgskular i landet har hatt problem med å få dei tilsette med på denne utviklinga. Men her på høgskulen har fagmiljøa vore positive, og det er so kjekt at dei vil vere med på noko som heilt klart er framtida. Det vil bety ein del for studentrekruttering også, trur ho.

8d2440196ed6214fe41da3df0f981f7c
Henning Bauer Westbye (f.v.), Stian Nedrelid, Hilde Kristin Elvestad og Pål Hjelmeseth Myklebust har sørga for at dei tekniske løysingane i Idrettsbygget fungerer.

Eksamensoppmeldinga for hausten 2016 viser at det vil verte om lag 150 digitale eksamenar ved HVO, der 70 er gjennom den nettbaserte tenesta Fronter, 70 gjennom Inspera og 10 av dei i høgskulens eige system på datarom.

– Det betyr ein kraftig auke for oss. Vi har fått testa organisasjonen no i juni med mange kandidatar med eigen pc, og det har gått veldig bra. No er det ingen veg tilbake og vi satsar for fullt, seier Elvestad.

Betre for studentane

Ho ser mange fordelar med at skriftlige eksamenar på papir vil verte historie og at studentane får bruke den teknologien som er tilgjengeleg.

– Studentane ønsker dette og eg trur nesten det er slik at dei ser etter kven som tilbyr det når dei søker utdanning. Det er ein klar fordel at eksamensavviklinga vert mest mogleg lik kvardagen deira. Dei er ikkje vand til å sitje i seks timar å skrive med penn på papir, dei brukar PC til det aller meste. I tillegg er det mykje enklare for dei å gå tilbake og redigere i det dei har skreve på ein PC enn det er på papir.

Når kandidaten er ferdig med eksamen og har klikka for innlevering, vil den med ein gong dukke opp i systemet hos sensor.

– Det er veldig praktisk og dei har også eit godt system for å rette digitalt. Samstundes slepp ein problemet med å tyde handskrift.

pressefoto

Digital eksamen i Idrettsbygget
Henning Bauer Westbye, Stian Nedrelid, Hilde Kristin Elvestad og Pål Hjelmeseth Myklebust.

Del på