Gjer deg klar for Spon Rockfestival!

Tekst: Webmaster Volda

I år er festivalen lokalisert  til smuget ved Rust club & scene i Ørsta, og festivalen vert arrangert i samband med årets Amcar-treff. Spon Rockfestival er ein årleg festival som leverer kvalitetsrock frå fjern og nær til publikum i Ørsta og omeign. Festivalen er i regi av Ørsta Rock, som vart skipa i april 2009, med eit formål om å vere ein bærebjelke for rockemiljøet i regionen vår.

Ørsta Rock vil legge formalitetane  tilrette for deg som søkjer festivalstemninga. Følg med på Facebook eller Twitter for oppdateringar og nyhende, og sjekk ut sponrock.no.


Del på