GJER FACEBOOK OSS EINSAME?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

e540337197772e39b6a351b6140b427ef0fdb6a5
Høgskulelektor Kristian Fuglseth, seniorforskar ved Sintef IKT Petter Bae Brandtæg og PR-student Ståle Grut.

Har internett endra kommunikasjonen eller er dei ulike trendane berre lag på lag av det same språket i ulike kanalar, spurde høgskulelektor Kristian Fuglseth i sin introduksjon. Vår aukande bruk av sosiale medium og deira stadige utvikling reiser spørsmål i forhold til både personleg og offentleg kommunikasjon. PR-student ved HVO Ståle Grut og seniorforskar ved Sintef IKT Petter Bae Brandtzæg var der for å stille spørsmål, og for å gje nokre svar. 

Offentleg kommunikasjon

̶  Korleis kombinere stat, som skal vere offentleg, med bruk av sosiale medium, spør Ståle Grut.

Han trekk fram Utrykningspolitiet på Facebook som eit godt eksempel. Med ei målgruppe på menn mellom 18 og 30 år har dei truffe godt, og det er blitt svært populært. Statens Vegvesen sin bruk av Spotify er eit anna godt eksempel. Før jul i fjor blei det lagt ut ei speleliste med roleg musikk for å sikre dei reisande ein trygg ved heim til jul. Grut framhev at det viktigaste er å tilpasse bodskapen til dei ulike kanalane, og at ein ikkje berre treng å vere på Facebook. Mange seier at nettsidene er i ferd med å døy ut, men å legge alt over på Facebook tykkjer han er ei dårleg løysing.

Nye bruksmønster 

Hadde Facebook vore eit land hadde det vore det tredje største i verda. Europa er den største brukargruppa med 243,2 millionar kontoar, men mediet vert nytta på alle kontinent. Brandtzæg fortel som eit eksempel at Plan-faddrar har blitt kontakta av sine fadderbarn på Facebook, noko som skapar ein heilt anna kommunikasjon. Noreg er det landet i verda med flest brukarar i forhold til innbyggartalet ved sidan av Island. 2,7 millionar nordmenn har ein Facebook-profil, og så å seie alle under 25 år er å finne i dette sosiale mediet.

I si doktorgrad stilte Brandtzæg seg spørsmålet om korleis ein kan forstå sosiale implikasjonar av sosial mediebruk. Han fortel at sosiale medium er i endring og at vi får nye bruksmønster. Det kjem til nye brukarar, det blir mindre anonymitet og det blir meir multimedialt, noko som kan vere eit gode.

̶  Vi har mange venner på Facebook som vi ikkje har kontakt med, men desse kan vere ein ressurs og hjelpe oss med viktige ting, som til dømes å få ein ny jobb, seier Brandtzæg.

Samstundes har det vore ein stor debatt om Facebook gjer oss einsame, og sosiale medium sin effekt på kommunikasjon og «den sosiale verkelegheita» har mellom anna vore tema i New York Times sin artikkel «Antisocial Networking?». Brandtzæg sine studiar viser derimot at dei som nyttar Facebook hadde meir ansikt til ansikt kommunikasjon enn dei som ikkje gjorde det. Han hevdar at vi slik kan anta at Facebook bidrar til å auke fysisk sosial kontakt, og at vi må sjå på korleis ein nyttar media, ikkje berre på tidsaspektet. Studiet hans viser at vi nyttar sosiale medium slik som vi nyttar TV og avis. Vi ser passivt i staden for å delta og bidra.

Vi blir meir tilgjengelege, og vanskelegare å nå

Brandtzæg poengterer at det ikkje lengre er eit informasjonsmonopol. Vi delar informasjon i større grad, og det er ingen redaktør. 

 ̶  Liva våre blir digitaliserte. 90 % av data som fins i verda er produsert dei siste to åra. Frå 2008-2010 fordøydde vi meir informasjon enn vi totalt har gjort dei siste 50 000 åra. Kvar dag er det 3,2 millionar «likes» og kommentarar på Facebook. Vi er meir tilgjengelege enn nokon sinne, men kanskje vanskelegare å nå enn nokon sinne. Dette blir kalla tilgjengelegheitsparadokset. Det blir slik vanskeleg for til dømes det offentlege å nå ut til befolkninga, noko som blir ei utfordring i tida framover.

Les om HVO si bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media

Les om HVO si bachelorgrad i Media, IKT og design (MID)

Del på