Godt opptak

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

9a1f79b4a3d32ebef71c9f927d9a7a2b

- Vi har sendt tilbod til 1.256 søkjarar i Samordna opptak, noko som er ein auke frå i fjor. I tillegg har vi god søking i lokalopptaket, seier fungerande studiedirektør Ragnhild Paulsen Hamre.  

Høgskulen i Volda har også i år ein ytterlegare auke i søkinga til sosialfaga, og det gjeld både barnevernspedagog- og sosionomutdanninga. Dette har ført til heva karaktergrense og ei dobling av talet på søkarar som er på venteliste. Friluftslivsstudia ved høgskulen er også populære og kan vise til høge poenggrenser. Mediefaga har som tidlegare år gode søkartal. Nytt av i år er at HVO tilbyr to ulike utdanningar i journalistikk, ein bachelor med spesialisering i tv/radio og ein bachelor med spesialisering i avis/nett. Det er ventelister ved alle medieutdanningane. 

- Vi har også gitt fleire tilbod på grunnskulelærarutdanningane enn i fjor. Dette er veldig gledeleg ettersom karakterkravet i matematikk har auka frå 3 til 4, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. 

Godt lokalopptak
Høgskulen kan vise til eit godt lokalopptak, både på nett- og masterstudium. Mellom anna har vidareutdanning for lærarar i norsk og engelsk hatt ein auke samanlikna med i fjor. Det mest søkte nettstudiet i norsk har over 200 søkjarar og vil ha om lag 160 studentar. Master i samfunnsplanlegging og leiing kan også vise til gode søkartal og vil få eit høgt studenttal.

-  Det er svært gledeleg at stadig fleire vel å vidareutdanne seg ved Høgskulen i Volda, seier Jacob Kjøde jr. 

Framleis ledige studieplassar
Høgskulen i Volda har ledige studieplassar på nokre bachelor- og yrkesutdanningar, årsstudium, og vidareutdanningar. Oversikt over dei ledige studieplassane finn ein her.

Del på