Gratis teaterførestillingar frå bachelorstudentane i drama/teater

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

a6caa756717e6def0788b95d3f75c2c5

Teatersalen på Kaarstad
Gratis og ope for alle

Måndag 7. april:

Kl. 14.00: Aladdin – Mariann Wikeby og Maren Bøhn Nyløkken
Maren og Marianne har saman laga eit fysisk forteljarteater med utgangspunkt frå 1001 Natt si historie om "Aladdin Og Den Vidunderlige Lampen".

Tysdag 8. april

Kl. 13.00: « Kampen om selvtilliten» – Anette Alnes Øverland
I dagens samfunn er det mange som slit med dårleg sjølvbilde. Anette har sjølv vore der, og for henne var det drama og teater som var redninga. Denne førestillinga er ei livsfortelling, der ho fortel si eiga historie. Alt som blir fortalt har hendt og er 100% sant.

Kl. 14.00: «Er det rettferdig?» – Ruth Linea Gustavsen 
Førestillinga er forteljingar frå Bibelen, utforskar omgrepet rettferd og stiller spørsmålet: Er Gud eigentleg rettferdig? Gjennom to utvalte bibeltekster bli omgrepet utforska gjennom forteljarteater.

ONSDAG 9. APRIL

Kl. 15.00: «Mobbing!» – Cecilie Sandvik Rasmussen
Temaet til førestillinga er mobbing. Mobbing er eit kjempeviktig tema som Cecilie meinar relaterer seg til alle aldersgruppe. Ho har sjølv skrive manuset, men historiene ho skal framføre er inspirert av menneske som har turt å fortelle historiene sine gjennom ulike medium.

Del på