GRUNNLOVSFEIRING I DAG

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulelektor Harald Krøvel vil gje oss ei miniførelesing om kva som hende her i bygda for akkurat 200 år sidan. Det hadde absolutt med storpolitikken og grunnlovsarbeidet å gjere.

Folket rundt i landet skulle ha eit ord med i laget i 1814, og sidan då har lokaldemokratiet utvikla seg mykje. Dermed er det både naturleg og hyggeleg at ordførar Arild Iversen vert med på markeringa i høgskulekantina.

d6b694be8d9640d566857541cfddeab0

Kor-debut

For å skape ei høgtidleg så vel som festleg ramme har rektor teke initiativ til eit eige HVO-mannskor. Dugande fagfolk med kompetanse på både det eine og det andre har teke oppgåva på alvor og øvt inn eit repertoar for nettopp dette høvet.

Med den entusiastiske og myndige Ivar Hagen som dirigent er det all grunn til å sjå fram til debuten. Her vert det komprimert formidling av både kultur og kunnskap – i ein liten halvtime frå halv tolv på tysdag.

Del på