Gutedraumen går i oppfylling dagen før eksamen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

9b5971e93e7da23833ba1adfae3ef258

Dale er i ferd med å avslutte siste semester på bachelorgrada si i musikk ved Høgskulen i Volda og skal ha eksamenskonsert saman med bandet sitt, Among Colors, på Studenthuset Rokken torsdag. Det er ein del av Kaarstadfestivalen, som vert halden for første gang og kor alle eksamenskonsertane er med.

Les også: Byr på kvalitetsmusikk i ny festival.

SPESIELL FØLELSE

Dale går torsdag på scena med gitaren i hendene og mikrofonen framfor seg med ei viss spenning i kroppen. For onsdag slepp nemleg bandet han og bandet si første plate – ein EP med namnet Branches, som består av fire låtar.

–  Vi gav ut ein singel i november, som det første vi har gitt ut. Då var det merkeleg, men veldig artig, å gå inn på Spotify og søke opp bandnamnet vårt. Med EP-en går gutedraumen min i oppfylling. Det vert spesielt å ha ein fysisk CD i handa som ein sjølv har laga. Sjølv om ingen har CD-ar lenger, klarer vi sikkert å lure ei bestemor til å kjøpe den, spøkar Dale, som spelar gitar og er vokalist i bandet.

Sjå heile programmet for Kaarstadfestivalen her.

24-åringen frå Valen i Kvinnherad er også mannen som fekk starta opp Among Colors. På starten av det andre studieåret ved HVO fekk han med seg medstudentane Timmy Aas (gitar), Marius Jørgenstuen (tangentar), Magnus Magnusson (bass) og Magnus Solheim (slagverk) til å starte opp bandet. Dermed var vegen sikta ut frå hausten 2013.

– Eg hadde så mykje sjølvkomponert materiale som eg ville prøve ut med eit band. Det har fungert godt, og etter kvart har også dei andre i bandet kome med sine eigenskrivne låtar.

1e8446b3789a3b139ceaaf00f80becf7
Gruppa Among Colors med Preben Dale som vokalist i front.                   Foto: Marius Beck Dale

– VI TRYKKJER TIL

Han lovar dei som møter opp på Rokken på torsdag klokka 20.00 ei god oppleving, og forklarar kva slags musikk dei spelar slik:

– Vi har mange inspirasjonskjelder. Men det er pop og rock, med innslag av indie. Musikken kan gå frå å vere mjuk og til litt hardare. Vi er ikkje bort i hardrock, men vi trykkjer til, seier Dale.

Konserten vil vere prega av plata dei gir ut på onsdag og låtar skreve av Dale. Han ønskjer å formidle litt om seg sjølv i sin eigen eksamenskonsert.

– Det blir ei oppveksthistorie gjennom sju låtar. Det er ei historie om det å vokse opp i den vesle bygda som eg gjorde, og om å ønske seg vekk derifrå. Men også det å ønske seg tilbake dit og alle dei ulike vala ein står overfor når ein veks opp, seier vokalisten, som beskriv stemma si som både mørk og lys.

– Det varierer litt frå låt til låt. Men det vert ikkje noko skriking altså, forsikrar frontfiguren.

Følg Kaarstadfestivalen på Facebook her.

BEST MED MYKJE PUBLIKUM

I alt skal det spelast 16 konsertar under Kaarstadfestivalen, som går føre seg i konsertsalen i Kaarstad-huset og på scena på Rokken frå tysdag til torsdag. Dale ønskjer at så mange som mulig kjem på konsertane, som alle er gratis og utan aldersgrense.

– Tidlegare har det vore slik at berre studentane har samla seg når det har vore eksamenskonsertar. Men det er kjekkare for oss å spele for eit større og breiare publikum. For at vi skal gjere det best mogleg ønskjer vi å ha eit størst mogleg publikum som responderer på det vi framfører.

pressefoto

Preben Dale

Del på