Har du lyst til å bli mentor?

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Det er ikkje mange oppdrag kvart studieår, men alltid nokre. Høgskulen vil vurdere søkarane opp mot dei oppdraga vi har no, og som dukkar opp framover. Studium, kjønn, alder m.m. kan virke inn på kven som vil passe for dei som treng ein mentor.

Mentoren skal hjelpe ein student med faglege, sosiale eller praktiske utfordringar, ut frå studenten sine behov. Dette inneber alt frå å prate om korleis ein organiserer studiekvardagen, til å hjelpe med notering. Det er ein stor fordel om du har bakgrunn frå same fag, t.d. om du går på eit høgare trinn, slik at du kan bidra med erfaring og kompetanse. Erfaring med tilsvarande type funksjonsnedsetting, tilsvarande arbeid eller anna relevant praksis, vil også vere positivt.


Studentar som får mentor har svært ulike behov, og difor kan lengda på oppdraget vere alt frå nokre månadar til tre år, og i nokre tilfelle kan fleire dele oppdraget mellom seg. Rammene for avtalen vert evaluert og revidert undervegs, dersom behovet endrar seg. Dette skjer i samråd med studenten og mentoren.


Ein mentor er ikkje tilsett ved høgskulen, men får likevel betalt honoraret sitt gjennom oss – mentoren er oppdragstakar. Dette betyr at det ikkje gjeld vanlege vilkår om ferie og arbeidsmiljø – arbeidstida vert avtala ut frå studenten sine behov. Mentor har timebetaling for det talet timar som er avtalt for mentoroppgåva. Det vert ikkje utbetalt honorar til mentor når studenten har ferie, er sjuk eller ved anna varsla fråvær for studenten.


Oppdraget vert godtgjort med kr 160,- pr. time - regulering 1. juli kvart år.


Du finn meir informasjon om ikkje-tilsette arbeidstakarar/oppdragstakar i Skatteetaten si brosjyre “Arbeidstaker eller næringsdrivende” på skatteetaten.no

Søknadsskjema

Del på