HAR DU LYST TIL Å VERE MED PÅ Å BESTEMME PÅ HØGSKULEN?

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

fbd403d542e72c94bced838023243fec
Dei komande dagane vil Joanna Antoniak som sit i årets Høgskulestyre, leiar i valstyret Mona-Cesilie Andersen og Aurora Bratli Brunvoll og Camilla N. F. Jensen frå STiV gå rundt i klassene og informere meir om valet.

Som studentrepresentant i Høgskulestyret får du vere med å ytre di meining i viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen.

Høgskulestyret sine oppgåver
Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Gode grunner til å bli med i høgskulestyret:
- Du får godtgjersle for alle styremøter du er med på
- Du får god erfaring frå styrejobbing på ein viktig institusjon
- Du får noko å skryte av på CVen din!


Meld interesse di ved å skrive namnet ditt på nominasjonssetelen som ligg i resepsjonen, eller ta kontakt med STiV. Kjenner du nokon andre som du ser for deg kan passe til å sitte i styret? Ikkje nøle med å nominere dei, men ver sikker på at dei sjølve ønskjer eit slik verv. Frist for nominasjon: 2. oktober kl. 14.00.

Valet blir haldt 28. oktober på Høgskulen i Volda.

Eirin S. Røkke var studentrepresentant i Høgskulestyret 2011-2012, og her kan du lese om hennar opplevingar «Gjør en forskjell».

Mer informasjon om valget finner du på http://www.hivolda.no/val

Del på