Headhunta til ny dokumentarserie

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Storsatsinga Mitt liv tar for seg åtte personar som alle har betydd mykje for norsk samfunnsutvikling innan kultur, religion, politikk, næringsliv, forsking og skule.

Redigert råmateriale
– Serien består av åtte episodar med åtte enkeltståande djubdeintervju med kjende nordmenn etter krigen. Sjølve intervjua er det andre som har gjort tidlegare, men fleire timar med råmateriale er no redigert ned. Kvart program er på til 44 minutt, der vi også har funne og lagt på fotografi frå dei ulike personane sitt liv og lagt på spesialkomponert musikk, fortel Pål Aam.

Omfattande tv-produksjon
Programma er formelt sett produsert av tv-selskapet Høylandet film, men det er i Volda at sjølve programma har blitt laga klare for sending.
– Det er sjeldan at så omfattande tv-produksjonar har base her i området, og det har vore veldig spennande å vere med på dette, fortel Aam.

e98e17e263bee0fa10db6f5a4b5063cd2a1d4e21

SPENTE: Pål Aam og Hilde Ranheim gler seg til dokumentarserien Mitt liv blir sendt på tv. (Foto: Birgitte Bøen)

Med seg på laget har han hatt Hilde Ranheim og Marit Stensby (redigering og foto-research), i tillegg til Fredrik Christian Langlo (komponist og musikar).

Åtte kjende nordmenn
Første program handlar om Hanna Kvanmo. I tillegg får ein møte Fred. Olsen, Jacob Jervell, Mosse Jørgensen, Arne Nordheim, Aase Nordmo Løvberg og Lars Skytøen.

Du finn meir informasjon om serien Mitt liv på NRK sine heimesider.

Del på