Historie på ekskursjon til Stad og Selja

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

6445b5e73d9949bb51e792b844ab85ac
Turen gjekk mellom anna innom kyrkjegarden i Ervika som går tilbake til før 1550. 

Dei nye studentane på Bachelor i historie og Årsstudium i historie var innom fjellplatået Kjerringa (Vestkapp), Ervika, Indre Fure og klosterruinane på Selja. Her fekk studentane smakebitar både frå mellomalderhistorie, livet på eit tradisjonell vestnorsk klyngetun og dramatiske minne og leivningar frå siste verdskrig. I det heile fekk dei mange glimt av livet nær havet fram gjennom tidene. Ein sporty og velvillig bussjåfør viste at store bussar kan ta seg fram på uant vis langs kronglete kystvegar.  Sosialt samvær om felles matlaging om kvelden høyrde også med. To av lærarane, Inger Marie Okkenhaug og Atle Døssland var  med på turen. 

f33718302f2cd94942bf34adfc27e693
Turen gjekk også til grotta på Selja der prinsesse Sunniva etter legenden vart funnen og seinare helgenkåra.

Del på