Historiestudentar på ekskursjon til Selja og Stadlandet

Tekst: Webmaster Volda

Også i år var dei nye historiestudentane heldige med veret på den tradisjonelle "oppstarts-ekskursjonen" torsdag og fredag sist veke. Torsdagen tok dei "Klosterbåten" over til den gamle hamna på Bø på øya Selja og gjekk den gamle pilegrimsvegen til klosteret på utsida av øya. Der stilte 78 år gamle båtførar og "munk" broder Jan opp og orienterte og gav omvisning. Deretter gjekk turen opp i grotta der prinsesse Sunniva etter legenden vart funnen og seinare helgenkåra, før retur og sosialt samver i Seljevågen om kvelden.
 
Fredagen gjekk turen først heilt ut på Kjerringa ytst på Stadlandet (med turistnamnet "Vestkapp"). Deretter køyrde dei attende ned i Ervika der dei tråla tunnelane i det gamle eks-tyske kystfortet på Hovden og såg på staden for det dramatiske forliset til hurtigruteskipet D/S Sanct Svithun som vart bomba av kanadiske fly 30. september i 1943. Der gjorde bygdefolket i Ervika ein heroisk innsats for å begre overlevande i sterk sørleg kuling. Deretter til den gamle gravplassen i Ervika og den nye kyrkja, bygd i 1970 til minne om tragedien under krigen. Veret var så fint at alle kunne ete lunsj på stranda, der to av studentane til og med bada!
 
Siste post på ekskursjonen var klyngetunet Indre Fure, kjent frå TV-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Else Fure fortalde levande frå korleis det var å vekse opp på ein veg- og straumlaus gard for 60-70 år sidan.

Del på