Høg aktivitet ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

19e1ef6f32a60c5b18fee66fea2e2ed6d989c0b6
Høgskuledirektør Jacob Kjøde Jr. og Økonomidirektør Edel Vatne Roald er svært nøgde med den auka studiepoengproduksjonen ved høgskulen.

Høgskulane har i tillegg til den faste basisløyvinga også ei resultatbasert utdanningsløyving som først og fremst varierer med talet på produserte studiepoeng. I 2012 vart det ved Høgskulen i Volda rapportert studiepoeng tilsvarande 2354,9 heiltidsstudentar. Dette er ein auke på 109 heiltidsstudentar frå 2011. Resultatet gjev ei auke i utdanningsløyvinga på 4,5 millionar kroner. 

─ Auke i studiepoengproduksjonen er hovudsakleg knytt til lærarutdanningane, og vårt prinsipp er at dei som skapar vekst, også får midlane. Dette har mellom anna resultert i oppstart av eit nytt masterprogram, Master i undervisning og læring, seier økonomidirektør Edel Vatne Roald.

ed8cadf2a44d553e27d86e84c7514d9be13fbde9

Utvikling av studiepoengproduksjonen ved høgskulen i åra frå 2000 til 2012

DELTID I FRAMVEKST

Det er ein stor og aukande aktivitet knytt til alle deltidsutdanningar, nett og samlingsbasert, og då først og fremst vidareutdanning av lærarar. Høgskulen har også god søkning til masterutdanningane, og satsar no vidare innanfor skulefaga.

─ Vår modell skil seg frå universiteta sin modell ved at vi legg til rette for at studentane kan ta utdanninga på deltid. På denne måten når vi grupper av studentar som alt er etablerte, og som elles ikkje hadde hatt høve til å ta utdanning, seier Roald.

AUKE I INTERNASJONALISERING

Høgskulen kan vise til gode resultat samanlikna med dei andre høgskulane når det gjeld talet på utvekslingsstudentar. I 2012 var 244 studentar ved høgskulen på utveksling, mot 182 i 2011. Til samanlikning hadde Høgskulen i Sogn og Fjordane, som har om lag like mange studentar som HVO, 82 studentar på utveksling i 2012.  Berre Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Oslo og Akershus har fleire utvekslingsstudentar, men dei er til gjengeld langt større institusjonar.

DYKTIGE MEDARBEIDARAR EIT STORT AKTIVUM

I forkant av dei auka løyvingane hadde høgskulen tronge økonomiske rammer.

─ Mange av våre tilsette har opplevd stort arbeidspress på grunn av dei økonomiske rammene dei siste åra. Vi er imponert over den kreativiteten og den omstillingsviljen som organisasjonen likevel har vist. Vi har til og med klart å halde oppe og vidareutvikle studiekvaliteten. Våre tilsette er eit stort aktivum for høgskulen, seier Roald. 

LÅG BASISLØYVING

Høgskulen i Volda har låg basisløyving samanlikna med dei andre institusjonane i sektoren.

─ Vår påstand er at Høgskulen i Volda i dag er ein svært effektiv høgskule, og at vi utnyttar godt både areal og stillingsressursar. Med den sterke studentveksten vi har hatt dei siste åra, er vi no svært pressa på lokale. Vi arbeidar for å finne lokale løysingar, og i budsjettframlegget for 2014 har vi dette som eit av argumenta for auka basisløyving, seier Roald.

Tala er henta frå Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS 

Del på