Høgre-Erna med fokus på lærarutdanningane

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst: Helle Nærø

b85dc659c007c845d607e68d9685000720d5677a

Etter å ha vore i Ørsta og hatt fokus på samferdsel, gikk turen til HVO, der Erna og følgjesvenner skulle konsentrere seg om lærarutdanningane og særskilt reforma knytt til grunnskulelærarutdanninga.

Utanfor Kaarstad-huset møtte Erna ein velkomstkomité beståande av  professor Peder Haug (AHL), studieleiar Bjørnar Sæterås (AHL) og praksiskoordinator Aashild Longvastøl (AHL). Med seg hadde Erna ordførarkandidat for Volda Høgre, Eivind Nævdal-Bolstad, Høgre-leiar i Møre og Romsdal, Helge Orten, leiar av Volda Høgre, Jo-Stian Tverberg og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Høgre, Elisabeth Røbekk Nørve.

e2dd1d47a579cc4df91f937e9e39ba281a61dd8c

150-årsjubileum

Innleiingsvis vart det orientert om høgskulen der dei besøkande fekk eit innblikk i historikk og studietilbod. Det vart også lagt vekt på viktigheita av høgskulen si rolle i å utdanne lærarar til distriktet. Dette året er det 150 år sidan lærarutdanninga vart etablert i Volda.

Utfordringar

Vidare tok Professor Peder Haug ordet om utfordringar for HVO i tida framover både lokalt og regionalt. Det vart også diskusjon rundt eit femårig løp for lærarar.

– Utfordringar som låg rekruttering til lærarutdanningane er likt over heile landet, seier Erna.

Ho trur at det å stille sterkare krav til opptak vil gjere grunnskulelærarutdanninga (1-7 år) meir attraktiv, og kan vere ei løysing på rekrutteringsproblematikken.

–  Resultat i skulen må publiserast og ikkje gøymast bort dersom det skal bli debatt rundt det, forklarar Erna. Dette er viktig for å løfte nivået på dei skulane som ikkje er gode nok, legg ho til.

e87bde41b09603926160fff44f5ebb2c7193d9a4

Openheit i skulen

Det var på initiativ frå Volda Høgre sin Eivind Nævdal-Bolstad at Erna Solberg tok turen til studiestaden Volda. Sjølv hadde Erna også eit spesielt ønske om å få høyre særskilt mykje om lærarutdanninga, om status og rekruttering.

– Eg trur det var svært nyttig, og høgskulen gjorde ein god figur, stadfestar Eivind. Det vart poengtert det som også er viktig i vår politikk, at vi må ha openheit i skulen. Høgre ønskjer å løfte den debatten og få det på dagsorden, sjølv om ikkje alle er samde i dette, held han fram.

Vil ha endring

Erna vil skjerpe krava til lærarstudentane og bidra til statushevjing innan læraryrket.

– Vi må tilbake til den tida der det var stas å bli lærar, seier Erna.

Eivind er samd og legg til at læraryrket er eit av dei viktigaste yrka vi har i dag. Det er viktig å gjere grep slik at det er fleire søkjarar til lærarutdanninga, og at det vert konkurranse for å kome inn. Det handlar om å stimulere til å få seg ei god utdanning, meiner ordførarkandidaten i Volda.

Studieleiar Sæterås kan konstatere at endringar ikkje skjer over natta, men at det må fleire aktørar til for å få utviklinga på rett veg.

– Høgskulen i Volda ønskjer å snu på flisa, og det raskt, men slike endringar tek tid, fortel professor Haug.

9c65303a1e079242ae2f99615369147f769e2131

Del på