Høgskulekoret framfører CINEMAGIC!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Du vil få høyre klassikarar som  ”Thanks For The Memory”, ”Steppin’ Out With My Baby”, ”Moon River” og “Raindrops Keep Fallin’ On My Head”, for å nemne nokre av songane. Kjende komponistar som Irving Berlin, Henry Mancini, Neil Sedaka og Burt Bacharach er blant bidragsytarane.

Alle utøvarane, solistar som musikarar, er henta frå koret sine eigne rekkjer, berre forsterka med eit par lærarar.

Konserten er eit samarbeid med Volda kommune og den Kulturelle spaserstokken. Koret vonar difor at også mange ”godt vaksne” nytter høvet til å besøke Kaarstad-huset denne gongen.

Programleiar: Janne M. G. Skarstein
Dirigent: Leif Barmen

Stad: Kaarstad-huset - Auditorium ABC
Dato: Tysdag 5. april, 2011, kl. 20.00
Dato: Onsdag 6. april, 2011, kl. 13.15 og kl. 20.00

Bill: kr 100,-
Student- / spaserstokk-pris 50,-

Sjå plakat

Del på