Høgskulekoret og symfoniorkesteret held haustkonsert

Tekst: Webmaster Volda

Ung solist
Det har blitt ein tradisjon for koret og symfoniorkesteret ved Høgskulen å ha ein stor haustkonsert saman. Dette året blir det framført verk av Mendelssohn, Haydn og Fauré.
Mendelssohns fiolinkonsert er velkjend og vakker, og snart 15 år gamle Peter Dougherty skal vere solist i 1.sats. Peter har allereie spelt ved mange høve både i Ørsta og Volda, og det største han har opplevd så langt er å få prisen for unge musikarar som vart delt ut på Fjord Cadenza i sommar. Haydn står også på programmet, med Konsert for orkester og 2 horn. Dei to solistane har vi denne gongen henta frå Austlandet. Jan Odden er vel kjend i distriktet. Han har spelt horn sidan han var 14 år og har i mange år vore fast hornist i høgskuleorkesteret. Etter 27 år i Volda flytta han til Nøtterøy, men han synes det er stas og kome «heimatt» å spele. Med seg på horn har han Unn Seeberg frå Tjøme som har vore til hjelp for orkesteret ved nokre høve. Ho er 67 år og har barn og barnebarn i Volda. Som ung spelte ho profesjonelt, men har i dei seinare åra undervist i kulturskulen.

Requiem
Faurés Requiem er eit av dei vakraste romantiske verka for kor og orkester. Trass i at han var kyrkjemusikar i mange år hadde Fauré sjølv eit ukonvensjonelt syn på den kristne trua. I dette verket ville han legge til grunn ei meir humanistisk kjensle om døden som ei utfriing til evig kvile. Fauré har nytta den tradisjonelle teksten for den katolske rekviemmessa, men han har redigert den og plukka vekk ulike ord og ledd. Med inspirasjon frå den gregorianske songen er det her lange, fleksible melodiliner som gir verket eit ettertenksamt preg. Og i staden for den tunge og grandiose stilen så typisk for mange av hans samtidige, blir det her nytta eit mindre orkester utan lyse blåsinstrument (t.d. fløyte, obo, klarinett, trompet) og fiolinar. Effekten er intim og personleg.
I tillegg til Requiem vil eit mindre vokalensemble framføre Faurés Cantique de Jean Racine, eit velkjend sakralt stykke for kor og orkester.

Sopranosolist
Sopransolist Ruth Olina Lødemel har studiar frå Norges Musikkhøgskole og Barrat Dues Musikkinstitutt. Ho har vore frilansmusikar i ei årrekke, der ho mellom anna har sunge i operakoret ved Den Norske Opera og medverka i mange konsertar, kammeroperaer og festivalar. I samband med Ivar Aasenjubileet i 1996, tonesette ho fleire Aasendikt som ho framførte under ulike arrangement i Aasenåret og seinare. Dette stoffet blei gitt ut på cd’en «Mellom tusen bakkar» i 2003.

Del på