Høgskulen søkjer studentambassadørar!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

7dc2f56fc35cba832fcd05e98c152c6dHøgskulen søker engasjerte studentar til ambassadørarbeid i januar og februar.

MESSER OG SKULEBESØK

Høgskulen i Volda deltek i januar og februar på utdanningsmesser i Oslo, Lillestrøm, Bergen, Ålesund og Trondheim. På messene riggar studentane opp standen til høgskulen med messevegg, møblar og informasjonsmateriell. Kvar messe varer i to til tre dagar. I tillegg deltek vi på studieorienteringar på vidaregåande skular i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. På studieorienteringane er det ønskjeleg at dei som er ambassadørar deltek ei veke, mandag til fredag. Det kan også bli aktuelt med ambassadøroppdrag utover dette.

OPPLÆRING I FORKANT

Som studentambassadør skal du fortelje om korleis det er å vere student i Volda, om studietilboda våre og om studie- og studentmiljøet. Ambassadørane får opplæring før rekrutteringsperioden tar til og det blir gitt innføring i studieportefølgjen vår. Vi ønskjer både gutar og jenter, og vil ha ei blanding av ulike studieretningar og geografisk tilhøyring.

PRAKTISK INFORMASJON

•             Det vil alltid vere to studentar saman
•             Høgskulen dekkjer flyreise, overnatting og ordnar med bil
•             Arbeidet er lønna, i tillegg til at det blir utbetalt kostgodtgjersle
•             Studentambassadørane får attest

Søknadsfrist 10. oktober. Vennlegast send søknad og CV til Informasjonskontoret
v/Ann Karene Rasmussen: rasmuann@hivolda.no | 70 07 54 70

Del på