Høgskulen i Volda er blant dei beste i landet

Tekst: Webmaster Volda

152d0d657a6139fcbd5a34fbf3ed306c
Studieleiar ved grunnskulelærarutdanningane, Odd Helge Tonheim. 

Heile 70 % av studentane som byrja på allmennlærarutdanninga ved HVO i 2009 fullførte utdanninga på 4 år. Om ein ser gjennomsnittet for alle dei statlege høgskulen og universiteta, fullførte vel 50 % av studentane frå tilsvarande kull.  Om ein ser på tilsvarande tal frå 2008, låg HVO også veldig godt an med tanke på gjennomføring. Dette tyder på at HVO er i landstoppen når det gjeld lærarutdanning.

Høgskulen i Volda  ligg også langt framme om ein ser på kor mange av dei faglege tilsette i lærarutdanninga som er fyrstekompetente. I følgje den same rapporten har HVO 50 % fagleg tilsette med fyrstekompetanse i 2013, her er Volda fjerde best i landet.

- Det er kjekt å få bekrefta at vi gjer ting på ein god måte, sjølv om vi veit at vi alltid kan verte betre.  Vi har sterke fagmiljø som er levande opptatt av lærarutdanningane, og det er nok ein viktig del av forklaringa. Samstundes er vi opptatt av tett oppfølging av studentar og vi har eit godt og tett samarbeid med gode praksisskular, seier studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim ved grunnskulelærarutdanningane. –Volda er kjent for å ha gode lærarutdanningar, noko vi er glade for at denne tilstandsrapporten viser. Vi arbeidar aktivt  for å oppretthalde den gode gjennomstrøyminga i dei nye grunnskulelærarutdanningane.

Del på