Høgskulen i Volda lanserer nye nettsider

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

1092e44580caece5aaee4077bdc6ebfaViktigaste kanal for studentrekruttering

 Nettsidene våre er den viktigaste kanalen for rekruttering av nye studentar, portal for kommunikasjon med dagens studentar og for kommunikasjon med forskarar og andre utanfor vår eigen institusjon, seier rektor Johann Roppen.

Kontinuerleg arbeid

Nettsidene vert lansert no, men framleis står det ein del arbeid att. Dette betyr at sidene vert utvikla vidare gjennom dei neste månadane. – Alt er ikkje hogd i stein, seier Tor Mikalsen, leiar for prosjektet med å innføre nye nettsider for Høgskulen i Volda.

Nytt design

 Hivolda.no vil framstå med nye fargar og eit lettare design enn vi er vande med. Voldabyrået Kib&Morits har laga designet og dei har samarbeidd tett med oss i prosjektgruppa og med leverandøren av det nye publiseringsverktøyet, Frontkom, seier Mikalsen.

Mobiltilpassa

Nettsidene er tilpassa både nettbrett og mobil og dette er kanskje den viktigaste endringa, seier prosjektleiar Tor Mikalsen.

Tilbakemeldingar på dei nye nettsidene?

vev@hivolda.no

Del på