Høgskulen i Volda tek tryggleiken til studentane sine på alvor

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

a50fbda2c243c30e2f6098c63e612918
                                                                                                                                               Foto: Stig Løland

Dessverre er det slik at det ikkje alltid er like trygt å ferdast i slike bratte fjellområde. Snøskred, toppskavlar som knekk og utglidingar på hard snø er berre nokre av farane som lurer der oppe i tindane. Som eit grep for å ta vare på studentane sine, arrangerte Høgskulen i Volda i lag med friluftsorganisasjonen Natura eit kurs i trygg ferdsel i vinterfjellet. Kurset gjekk på kveldstid og i helga som var.

Tema for kurset var blant anna turplanlegging, utstyr, skredlære med vekt på snøkjennskap og terrengvurdering, kameratredning  frå snøskred med meir. Veit du for eksempel at symbolvarselet på www.yr.no er eit dårleg reiskap for å planlegge ein tur ut i frå?  Eller veit du korleis du kan måle terrenget si brattheit og dermed seie noko om kor utsatt turen du har tenkt å gå er? Eit anna spørsmål er om du veit kvifor det ikkje er lurt å gå i store grupper på tur? Og kvifor ein ikkje bør gå tett samla i bratt terreng? Og ikkje minst: Veit du kor mykje ein må trene på kameratredning for at du skal kunne hjelpe ein venn som er tatt av eit skred?

cdb838b8b1f75986790ab2f44ea3a43d
                                                                                                                                               Foto: Stig Løland

Dette og mange, mange andre spørsmål har dei ivrige kursdeltakarane no svaret på, og dei kan dermed gå ein tryggare vinter i møte med mange lærerike og flotte turar i Sunnmørsfjella. Kurshaldar var høgskulelektor i friluftsliv og tindevegleder Stig Løland. Med seg på laget hadde han nokre studentar frå Naturguide-studiet, som i løpet av dei siste åra med studie av snø- og vinteraktivitetar har mykje å lære vekk når det gjeld høgfjellet sine kunstar.

pressefoto

Studentkurs1
Studentkurs2

Del på