Høgtideleg grunnlovsmarkering

Tekst: Webmaster Volda

761cfd3bff502236e78ec4475753206b
For anledninga var det skipa saman eit HVO-mannskor, med dirigent Ivar Hagen, som mellom anna framførte «Det går et festtog gjennom landet!», som er laga til grunnlovsjubileet. 

62d67a1c02a42707c3748dfb16f530e7
Høgskulelektor i historie Harald Krøvel sa at demokrati er noko vi må jobbe kontinuerleg med. 

Høgskulelektor Harald Krøvel fortalde om kva som hende i Volda for 200 år sidan. 

─ 25. februar samla bygdefolket seg i Volda kyrkje. Presten innleia med ei kraftfull tale og fortalte at det norske folket var løyst frå sin truskapseid til danskekongen. Deretter avga bygdefolket ein eid for å hevde Noregs sjølvstende. Kyrkjelyden valde deretter to valmenn frå kvart prestegjeldet. Det var krav om at den eine av dei to valmennene skulle være bonde, men i Volda var begge valmennene bønder. Deretter møttes valmennene på eit sentral stad i kvart amt. Frå Volda reiste valmennene til Molde. Der valde dei tre representantar seg i mellom til den grunnlovgjevande forsamlinga på Eidsvoll. Bygdefolket i Volda hadde slik ein indirekte påverknad på grunnlova. 

4231c2bc2fb21e955e556034a26ea824
Ordførar i Volda Arild Iversen.

Ordførar Arild Iversen hevdar at grunnlova har relevans for dagens samfunn. 

─ 200-årsdagen til grunnlova er ein milepæl, sa ordførar Arild Iversen. Grunnlova i 1814 var svært moderne, og demokratiet i Noreg slik vi kjenner det vart født då med sentrale element som ytringsfridom og stemmerett. Likevel kom demokratiet gradvis, og det blei allmenn stemmerett for menn først i 1898 og for kvinner i 1913.  

Del på