Humorserie til nye studentar

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

008b0c5654d6a42c6072488704485a42

- Humorserien var eit oppdrag frå STiV og Fadderveka der dei ønskte at Student-TV skulle lage ein informasjonsvideo om Volda og studentlivet i bygda, fortel manusforfattar Sondre Styrk, som nyleg er ferdig med ei bachelorgrad i Media, IKT og design.

Sondre har saman med Kim Tvedt, Jørgen Engeset, Håkon Brandal og Kjell Pilskog brukt sommarferien på å planlegge, filme og redigere humorserien som er på tre episoder.

- Vi har brukt mykje tid på denne produksjonen og håper dei nye studentane set pris på arbeidet, fortel Kim Tvedt, som er produsent og spelar hovudrolla i serien.

e10c2ec268443dfb8b90ce5d27935ecf

Spanande utfordring
Studentane bestemte seg tidleg for å bruke humor som verkemiddel der dei hyra inn ein guide som ikkje får til det han er leigd inn til, samstundes som produksjonen fell saman rundt han.

- Å lage ein produksjon som ikkje skulle sjå bra ut var ei ny oppleving for oss. For å sjå utviklinga til hovudfiguren i riktig rekkefølgje måtte vi filme episodane baklengs. Dette har våre krevjande, men ei svært spanande utfordring, fortel Kim, som håper mange kjem på premiera 18. august.

f5ba1edd2e090f2d7ad06fc3a2ccca16

Bli med i Volda Student-TV
Studentane bak produksjonen brukar mykje av fritida si på Volda Student-TV, og ønsker nye studentar velkomne til å vere med.  Les meir om Student-TV i Volda.

Sjå teaseren til humorserien på Høgskulen i Volda sin Facebook-side

Del på