HVO - eit fleirkulturelt studiemiljø

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

873aba4ff2dc46e1643d8372b4ccf429ebe42f9f

Ein bakgrunn for førelesinga er at det stadig kjem fleire studentar til Høgskulen i Volda som snakkar eit anna språk enn norsk og som har ein annan kulturbakgrunn. Dei møter dagleg språklege, kulturelle og faglege utfordringar. Men den viktigaste grunnen er at framtida kjem alle studentar, uansett bakgrunn, til å arbeide i eit fleirkulturelt  samfunn.

Hilde Randi Osdal og Reidun Aambø frå prosjektgruppa her ved HVO er opptekne av at studentane må bli førebudde på det fleirkulturelle, uansett kvar dei kjem ifrå og uansett utdanning.

- Alle studentar i Volda skal ut i det fleirkulturelle Noreg. Dei må bli førebudde i utdanninga si gjennom pensum og førelesningar, seier Aambø.

Osdal og Aambø meiner samstemt at pensimlitteraturen til dømes må spegle av det kulturelle mangfaldet i samfunnet og mellom studentane våre. Også førelesningane og arbeidsformene våre må ta omsyn til ei ny verkelegheit. Vi treng å utvide erfaringane våre.

Studentar er så ulike i dag, også om dei er etnisk norske. Vi har studentar i alle aldrar. Mange er i tillegg heime med barn og mange har også jobb i tillegg til studia, seier Osdal.

 5826128fa6158559862cebce2c60aa1d864649d7
Jorun Nossum og Kari Mari Jonsmoen kommer til høgskulen 9. mars

Oslo langt framme
Interkult-prosjektet ved UiO blei starta opp i 2008 etter at ei vurdering viste at det var feil å satse på tilpassing/assimilering i staden for mangfald. Deretter blei hovedmålet å "videreutvikle eit sterkt fleirkulturelt og internasjonalt studiemiljø" og "kvalifisere allle studentar i HiO til yrkesutøvelse i det fleirkulturelle samfunnet, nasjonalt og internasjonalt". Prosjektet skal avsluttast i juli 2011.

- Det slo meg at tankemåten til HiO var så spanande, seier Osdal og meiner at vi har mykje å lære frå dei, - Det blir gjort mykje bra her på høgskulen, men det er ikkje gjennomsyra i alle ledd.

Vi lever i ei tid der vi bør spørje oss sjølve kvasom er norsk. Noreg er i dag eit fleirkulturelt samfunn med mange nasjonar representerte.

- Det er viktig at alle studentar, utan omsyn til bakgrunn, då ser at dei treng kompetansen til kvarandre, seier Aambø. 

Framleis ein veg å gå
Arbeidet for at HVO skal ha eit godt fleirkulturelt studiemiljø er ikkje ferdig etter konferansen den 9. mars.

- Dette vil vere eit kontinuerlig arbeid, seier Osdal.  

Tanken bakkonferansen er først og fremst ei bevisstgjering i alle ledd i Høgskulen som institusjon. Både førelesninga og seminaret etterpå er opne for alle, og Osdal og Aambø håper at så mange som muleg har sjansen til å komme.

- Det er snakk om vår kvardag som utdanningsinstrtusjon.  Det kan vere interessant å få inn andre erfaringar og spørsmål. Vi må vise til teoristoff og litteratur av forfattarar med ein annan kulturell bakgrunn.  No har vi eit altfor einsidig perspektiv, ivrar Aambø.

- Dette prosjektet gjeld alle. Studentar, administrasjon, opptak, biblioteket, ja alle som studerar og arbeidar ved Høgskulen, seier Osdal.

Del på