HVO-student med i X Factor

Tekst: Webmaster Volda

TV2 jaktar denne hausten på Noregs nye superstjerne i programmet X Factor. Charlotte Thorstvedt er programleiar, og reiser rundt saman med dommarane Jan Fredrik Carlsen, Mira Craig og Peter Peters.  Målet er å finne ein person eller ei gruppe som i tillegg til å kunne syngje har det lille ekstra; x-faktoren. Mannen bak konseptet er Simon Cowell, betre kjend som den krasse Idol-dommaren frå England og USA.

– Eg meldte meg på X Factor nok så tilfeldig. Eg har sett den britiske versjonen av programmet og likte konseptet. Ei venninne tipsa meg om at det skulle produserast ein norsk versjon, og ei natt eg ikkje fekk sove meldte eg meg på, seier Elin.

8b17dfba8b3b9d534f240da051e7b7218fc23812
I kveld er det "dommarcamp" og Elin skal kjempe om ein av dei 12 finaleplassane. (Foto: TV2)

Elin, gitaren og eigne songar
Elin har alltid vore glad i musikk. Som 18 åring tok ho til med songpedagog, og har dei siste to åra spelt gitar.

–  Musikk gir meg mykje. Det å ha høve til å formidle gjennom musikken er ei fantastisk kjensle. I tida framover vil eg arbeide med å utvikle gitarkunnskapane, skrive fleire songar og forhåpentlegvis får meir erfaring i å opptre, seier Elin.

Til dagleg studerer ho musikk ved høgskulen, slik at ho også kan arbeide med musikk i framtida.

–  Eg kan kombinere studiet med min eigen musikkproduksjon eller satse på ei karriere innan musikk, som til dømes musikkpedagog. Det viktigaste for meg er at eg har høve til å lære meir om mi største interesse. Meg, gitaren og mine eigne songar har stor verdi for meg, fortel ho.

Heiar på Elin
Det å vere deltakar i X Factor er både spennande og rart. Elin måtte raskt venne seg til å vere i media, og har fått mange positive tilbakemeldingar etter sendingane. På Facebook er det oppretta eiga gruppe for alle som støttar Elin sin innsats.

–  Eg skal innrømme at det er rart å sjå seg sjølv på skjermen. Etter den første auditionen fekk eg mange tilbakemeldingar og det heile var litt uverkeleg. På førehand trudde eg ikkje at X Factor skulle bli så "stort", og at eg skulle få respons frå så mange. Eg set enormt stor pris på alle som heier på meg, seier Elin.

I kveld er det "Dommarcamp" i X Factor. Dei 24 deltakarane er fordelt på tre kategoriar: Åtte soloartistar under 25 år, åtte soloartistar over 25 år og åtte songgrupper. Kvar dommar får tildelt sin kategori, og deltakarane får framføre ein låt, som ein siste sjanse til å kjempe seg til finaleplass.  Peter Peters har ansvaret for deltakarane under 25 år og skal Elin Gaustad på "Camp Peters".

–  Dommarane er flinke. Eg må innrømme at Jan Fredrik er min favoritt. Han er engasjert og veit kva han gjer. I tillegg har han humoristiske kommentarar og eg har gitt meg gode tilbakemeldingar undervegs. Mira Craig er sjølv artist og veit kva vi deltakarar forsøker å oppnå. Det er ein fordel, trur eg, seier Elin.

På YouTube kan du høyre Elin framføre den eigenkomponerte songen  "Confessional song" i X Factor:

Del på