HVO-studentar attende frå Kenya-ekskursjon

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studentane tek emnet "Region Aust-Afrika" som er ei valbar fordjuping i lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. I løpet av studieturen har studentane blant anna gjennomført eit fagleg og pedagogisk tilrettelagd opplegg. Dei av studentane som ikkje var med på turen har gjennomført eit kompensatorisk prosjektarbeid.

– Verdifull tilnærming til det faglege

Det var lærelyst og ønsket om opplevingar som lokka studentane Jannike Døving Veiberg (24) og Lisa Tennfjord Vadset (21) til å vere med på studieturen. Ved å vere med fekk dei ein sjeldan sjanse til å sjå og oppleve mykje av Afrika og Kenya, og få ei heilt spesiell tilnærming til stoffet dei lærer om. Jentene kunne stadfeste at dei fekk oppfylt alt dei i forkant hadde håpa på.

– Eg har fått eit positivt inntrykk av lokalbefolkninga og opplevde dei som svært reflekterte og kloke, fortel Jannike. Kontrastane mellom Noreg og Afrika er store, og vi fekk kjenne på kroppen kor godt vi har det i Noreg, legg ho til.

53610a0832784fcea5683da63a581ee1945b8e1b
Jannike Døving Veiberg (24) og eit av borna ved St. John Community Centre, ein skule i slummen Pumwani.

Opplevingsrikt på tur

Deltakarane har fått oppleve og lært mykje i løpet av dei fire vekene. Dei har mellom anna vitja FN sitt globale hovudkontor i Nairobi, samt ulike bedrifter som representerer viktige næringar i Kenya, som t.d. sukker, te og kaffi. Studentane fekk også møte menneske i svært vanskelege livssituasjonar.

e87224e22f3e6625a268af87f5ec5bea10490091

– Vi hadde eit sterkt møte med nokre gateborn ein dag vi var i Kapenguria. Vi fekk eit inntrykk av at desse borna ikkje hadde det bra. Nokre av dei er avhengige av å ruse seg på lim, då dette dempar svolten, seier Lisa. Dette var frykteleg trist og nesten tøffare å sjå enn då vi vitja slummen, stadfestar ho. Det fine var at vi i etterkant fekk sjå auga deira lyse opp av iver då vi spelte fotball saman med dei.

Safari og eksotiske dyr

Naturopplevingar var også ein viktig del av ekskursjonen, med høgdepunkt som Rift Valley, Pokot, Masai Mara, Mount Kenya og Mombasa. Jentene er samde i at det var mange hendingar som var verdt å trekkje fram. Til dømes var dei to så nær som på toppen av Mount Kenya (5199 m.o.h.), noko som dei er svært stolte av.

993f463cea3c79a731cc998e95b5850de1df909d
Her er nokre av HVO-studentane avbilda på Mount Kenya saman med turguiden.

– Samstundes var det å være på safari heilt fantastisk. Det er noko eg har drøymt om sida eg var lita og det var over all forventning, fortel Lisa.

b1150f1fefab7641c1e5840b11e30452c88c86cd
Lisa Tennfjord Vadset (21) med flodhestar i bakgrunnen.


9453cd6fe1e8e4825c08b1211787f3638ba57935
HVO-studentane fekk nærmøte med giraffar i ein giraffpark i Nairobi. Her får Isabell Indreeide Strand seg ei overrasking.

Stramt program

Jannike og Lisa legg vekt på at turen ikkje hadde vore det same utan dei to lærarane som var med.

– Med eit tettpakka program har vi lært noko undervegs heile tida, og eg har fått ein heilt ny måte å tenkje på, seier Jannike. I tillegg har det vore verdifullt for oss at det afrikanske folket er så opne og har så lyst til å dele.

d82d6bf125ad641088e07accf1484e04dddf8cde
Beate Kristin Brude med vertsfamilien i ein fjell-landsby i Kapenguria.

På studieturen har det vore omfattande fagleg innhald, og det er lagt opp til skulebesøk, førelesingar og lærarpraksis. Dei fekk prøve å undervise afrikanske skuleelevar om Noreg. Dei fekk også observere kenyanske lærarar. I etterkant skal studentane skrive ein rapport der dei blant anna reflekterer over skilnadane på undervisninga i Noreg og i Afrika.

– Vi reiser ikkje som turistar, vi er der for å lære, presiserer faglærar Odd Ragnar Hunnes.

Innsamling

I ein av skuletimane til HVO-student Beate Kristin Brude hadde ho teke med seg brev frå elevar ved Øyra barneskule, der dei hadde skrive på engelsk til dei afrikanske elevane.

– Dette gleda elevane og dei ville svært gjerne skrive brev i retur. Tilbake til Noreg hadde eg med ein stor pose med brev, fortel Beate.

ec4acdf54a6db7e841dba5e8ab4990b43dd68608
Borna på Uhuru Gardens Primary School i Nairobi syner oss breva sine frå norske elevar.

– Elevane vart også kjempeglade då dei fekk ting som vi hadde med til dei frå Noreg. Dei fekk fotballar og diverse anna utstyr, og då dei fekk kvar sine linjalar blei det reine jubelen, skildrar Anne Mykløen.

Høgskulestudentane hadde med seg gåver som var samla inn i forkant av ekskursjonen. Desse tok dei med til skular og bedrifter som dei vitja under opphaldet. Pengar som dei også hadde samla inn gjekk delvis til drift av ein helsestasjon på landsbygda og delvis til skulepengar til fem unge jenter som har rømt heimanfrå grunna umenneskelege tradisjonar og ritual.

b7b202e7d5f77b5d9308d8eb06163f750675386f
Faglærar Odd Ragnar Hunnes delar ut gåver til rundt 700 spente born ved Uhru Gardens Primary School.

– Det seier noko om kor sterkt inntrykk den vanskelege livssituasjonen til nokre av dei vi møtte har gjort, seier Hunnes, som var ansvarleg for geografiekskursjonen, som har vore gjennomført for sjuande gong sidan 2004.

27ac21ceec419ec518dd93f3aac3066eee825ecd
Beate Kristin Brude og minstejenta i vertsfamilien held hender.

Er du interessert i å lese meir om Kenya-ekskursjonen, kan du vitje den godt besøkte bloggen deira.

26a722cbbfc0008036025ca9ecacf820b31639bc
HVO-Studentane var glade for å nå toppen av Mount Koh. Ein tur som starta kl. 04.30 om natta.

e6026d5be163adcd0893abb0a33fb2b91d62e2ea
Fleire av studentane fekk møte eksotiske dyr dei aldri hadde sett før på nært hald.

Les meir om årsstudiet Skuleretta samfunnsfag

Del på