HVO topp fem i landet på utveksling

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

733df323eeb8ffb6844da63235b9ade8

SiU har i ei ny undersøking sett på kor mange av studentane som fullførte ein grad ved norske universitet og høgskular våren 2015 som hadde vore på utveksling. På topp tronar Norges Handelshøyskole med 50 prosent utveksling.

Leiar for internasjonalt kontor, Arne Humberset, er godt nøgd med at HVO igjen er høgt oppe i statistikkar over internasjonalisering. Samstundes er ein ikkje heilt nøgd med dagens situasjon.

– Av våre studieprogram er det nokre som har ein utvekslingsprosent på over 50 prosent, medan andre ligg nærare 0 prosent. Nøkkelen til auka utveksling er å finne relevante partnaruniversitet for studentar på alle studieprogram. Difor har vi no i vinter jobba aktivt med å kartlegge våre internasjonale avtalar og eventuelt finne nye partnarinstitusjonar for dei studieprogramma som tidlegare ikkje har sendt ut så mange studentar, seier Humberset.

– Onsdag 3. februar er det Internasjonal dag i Berte Kanutte-huset. Då får vi besøk av mange universitet frå Europa, USA og Australia. Vi oppmodar alle studentar om å ta turen innom den dagen for å få inspirasjon til utveksling og finne ut meir om våre partnaruniversitet, avsluttar Humberset.

Del på