«Impro for the palate»

Tekst: Webmaster Volda

89f7fe1ea3f8d8488059f7c22a28ea2a4beb7b3c
Professor og matforskar Anu Hopia frå universitetet i Turku i Finland og førsteamanuensis i naturfag og matkultur/helse Erik Fooladi (HVO).


«Impro for the palate» var tittelen på den originale mottakinga i regi av førsteamanuensis i naturfag og matkultur/helse Erik Fooladi (HVO) og professor og matforskar Anu Hopia frå universitetet i Turku i Finland.

7f7ced1617a8e8f3705e4defcb309efc124950d3
Professor i musikk ved HVO Magnar Åm var blant musikarane som improviserte.

Det var eit multimodalt eksperiment der musikk og smak blei kontrastert. Ei gruppe musikarar, deriblant professor i musikk ved HVO Magnar Åm, fekk servert ein cocktail og skulle improvisere ut i frå den. Verken musikarane eller deltakarane på seminaret var klar over kva av dei tre smaksbasene søt, sur eller bitter dei blei servert. Deltakarane skulle så smake seg fram til kva for ein av dei tre cocktailane dei meinte harmonerte best med den improviserte musikken.

─ Når musikarar har blitt bedt om å improvisere basert på smaksopplevingar viser det seg ofte at somme musikalske særtrekk kjem meir fram enn andre. Til dømes blir søt smak ofte uttrykt legato, sa Hopia.

67f406bc9045e3e16531b722a4e1e9fd8f80713f

Fooladi og Hopia ville undersøke om musikarane og deltakarane på seminaret koplar dei same cocktailane og musikk-«satsane».

─ Det er ikkje openlyst kva smak og musikk som passar ilag, men det blir hevda at ein kan sjå mønster. Det er forsking som tyder på at vi gjer slike koplingar, men uklart korleis det føregår og i kva grad dei er kulturelt betinga, sa Fooladi.

Informasjon om kva smakar deltakarane kopla med kva sats blei så samla saman. Ei midlertidig og enkel analyse viste at for nokre av dei seks satsane var der lite eller ikkje noko samsvar mellom det musikarane smakte og den smaken publikum responderte med. Men for to av satsane svarte publikum tydeleg med same smak som musikarane. Er det kanskje slik at det er mulig å formidle smaksopplevingar gjennom musikk? Det som i alle fall er sikkert er at deltakarane fekk oppleve både gode og «interessante» smakar utvikla av finske kokkar og vinkelnerar, og dei fekk oppleve både fascinerande og vakker musikk frå dei eminente musikarane.

Del på