Informasjon- og journaliststudentar førebur reise til India

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Read the Google-translation of this text. Volda University College is not responsible for external content. da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

9a1b732d8bc441c9298dbd58faf902f632d1d9f6

– Studentane har fått innføring i Indisk media og indisk kultur. I tillegg har eg hatt leksjonar i presentasjonsteknikk, forklarar Ms. Rukma Vasudev frå Manipal University.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b
– Poenget er å gje studentane eit breitt perspektiv før dei kjem og møter oss i India, noko vi gledar oss svært mykje til.

Engasjerte studentar

– Det har vore fantastisk å møta studentane og dei tilsette i Volda. Eg tykkjer det er ein svært behageleg og uformell tone i klasseromet, noko som gir eit godt læringsmiljø og ein god dialog mellom studentar og lærarar. Studentane er involverte og engasjerte, seier ho.

94dcdb109c272c7312a7efcd9470cf192ac03044

– Vi er vane med ein mykje meir formell tone med studentane våre i India, noko som er ein klar kulturskilnad i forhold til her i Noreg.

Utveksling

– Det er første gongen eg er i Europa i det heile, så dette har vore ein fantastisk tur. Noreg er eit turistmål, og med vakre fjordar, fjell og omgjevnader ligg høgskulen fantastisk til. Eg reiste med buss frå Oslo etter eit kort opphald der. Eg fekk sjå hovudstaden med vikingskipmuseum og det heile, før ferda gjekk vidare oppover Gudbrandsdalen. No har eg sett mykje av Noreg og Sunnmøre og håpar vi han utveksle både studentar, tilsette og deira erfaringar også ved fleire høve, smiler Rukma.

– Det er to år sidan sist studentane i Reportasjearbeid i framand kultur hadde ekskursjon til India, forklarar Torgeir Dimmen, som er ansvarleg for kurset ved Avdeling for mediefag. Det er obligatorisk med eit opphald i utlandet, og ei slik reise til India er lærerik.

Målet med studiet er å gi trening i å arbeide journalistisk i ein framand kultur og i å lage reportasjar. Gjennom opphaldet i utlandet skal studentane få auka forståinga for andre kulturar og på den måten få andre faglege perspektiv.

Les meir om Reportasjearbeid i framand kultur i studiehandboka

3e1166e316fe49419a2adc9b28521f1bc70d8c36

– Vi har eit ynskje om å invitera indiske studentar til Volda. Dette ville bety svært mykje for studentane og faget. Slik det er no har vi ikkje utvekslingsavtalar som kan hjelpe finansieringa med India, men håpar dette kan endre seg. I denne omgong har vi vore så heldige å fått nokre smådriftsmidlar som har hjelpt oss å få Rukma hit, seier Dimmen.

Del på