Innføring av karakterfordeling på vitnemål og karakterutskrifter

Frå 1.juni blei det innført grafisk visning av karakterfordeling i vitnemål og karakterutskrifter. Dette vil gje informasjon om korleis karaktersystemet vert nytta ved lærestadane, og slik synleggjere karakterane si tyding.

Dette skjer på bakgrunn av at Universitets- og høgskolerådets utdanningsutvalg i 2009 oppnemnte eit utval for å vurdere korleis informasjon om karakterfordelingar burde innarbeidast. Utvalet vedtok ei anbefaling om at det skulle innførast karaktertabellar i grunnlag for vitnemål og i karakterutskrifter. Etter eit pilotforsøk hausten 2012 vedtok styret for Universitets- og høgskolerådet 24.april i år å innføre grafisk visning av karakterfordeling.

Karakterfordelinga viser fordeling i prosent for emnet for inntil fem år tilbake i tid fråeksamenstidspunktet. Fordelinga er berre synleg dersom den graderte karakterskalaen A – F er nytta. Strykkarakter er ikkje ein del av fordelinga. Fordelinga er berre vist dersom fleire enn 10 studentar har teke eksamen i emnet innafor femårsperioden.

FORDELANE MED Å VISE KARAKTERFORDELING

Formålet med å vise karakterfordeling per emne er å gje informasjon om korleis karaktersystemet vert nytta ved lærestadane, og slik synleggjere karakterane si tyding. Dette vil gjere det lettare å samanlikne karakterar mellom institusjonar og mellom land. Med mange ulike karaktersystem i bruk internasjonalt, som også brukast innan og mellom institusjonar og fagområder, er det viktig med transparens slik at karakterane blir forstått og at dei kan samanliknast på ein måte som gjev studentane ei rettferdig vurdering av sine prestasjonar. Ei visning av karakterane på eit emne bil raskt gje lesaren eit bilde av korleis karakterane er fordelte, og auke informasjonsverdien til den gitte karakteren.

Ordninga med visning av karakterfordeling i søylediagram blei sett i verk 1.juni 2013. 

Del på: