Internasjonalt kjend professor held forelesing

Tekst: Webmaster Volda

Han er i dag professor og Research Fellow ved School of Communication and the Arts ved Regent University i Virginia Beach. Han bruker mykje av sin tid til å undervise omkring forskingsmetode og å rettleie PhD-studentar, men føreles også for bachelor-og masterstudentar.

Professor W. Brown har, saman med hans kollega Dr. Benson Fraser,  utført over 100 nasjonale forskingsstudiar i meir enn 30 land.  Dei har spesialisert seg innanfor korleis underhaldningsmedia kan vere med å bringe sosial endring på ulike område, og han har sjølv vore med å lage ulike filmar innanfor dette feltet.

Gjennom ei svært lang cv, som nyleg blei sendt ut til alle ved høgskulen, ser vi at prof. Brown har skrive mykje omkring ulike sider ved interkulturell kommunikasjon.  Han har blant anna engasjert seg omkring spørsmålet korleis underhaldingsmedia kan vere med å skape endringar omkring HIV/AIDS problemet internasjonalt  og spesielt i Afrika.

Førstkomande onsdag, 19. oktober vil professor W. Brown forelese om «Entertainment media for social change» i store auditorium på Berte Kanutte kl. 12.15. Hovudkontakt for W. Brown her ved Høgskulen i Volda er dosent Asbjørn Simonnes, og han vil kome med ein respons på forelesinga til prof. Brown og legge opp til spørsmål og samtale omkring eit spennande tema.  Mange opplever at dette  temaet er svært aktuelt og vonaleg vil mange ved høgskulen nytte høve til å høyre professor William J. Brown.

Del på