Internasjonalt utval på studietur til Belgia og Nederland

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

3323cbbbbf33011c630515a882aba34a729c812c

Ein del av deltakarane utanfor hovudbygget til EU-kommisjonen. Så mange som 12000 byråkratar frå heile Europa har sitt daglege arbeid i dette gigantbygget.

Deltakarar på turen var Marie Nedregotten Sørbø, Sissel Midtlid, Wenche Torrissen, Iulia Beleuta, Hans Martin Dypvik, Rune Aasen (studentsamskipnaden), Thomas Lewe, Asbjørn Simonnes, Bjørn Gunnar Tafjord og Cecilie Wilhelmsen.

Første dag vart nytta til vitjing hos den norske EU-delegasjonen i Brüssel, lokalisert sentralt i EU-kvartalet med Europakommisjonen som næraste nabo.

Sjå meir om EU-delegasjonen her: www.eu-norge.org og www.eu-norge.org
d9b9ee45e0d3b6c185f6bc578e98f00b305658b4

Informasjonsråd Lars-Erik Hauge (sjå bilete over) sydde saman eit svært spennande program knytt til EU-delegasjonen sitt arbeid i Brüssel. Vi fekk ein presentasjon EUs utdanningspolitikk, inkludert forslag til nytt utdanningsprogram, ”Erasmus for all” ved utdanningsråd Ingveig Koht Astad. Nasjonal ekspert i Generaldirektoratet for utdanning og kultur Ragnhild Solvi Berg tok føre seg internasjonalisering gjennom utveksling av studentar og fagtilsette under Erasmus-programmet. Avslutningsvis fekk vi spanande innføring i EU’s nye program for forsking og innovasjon, « Horizon 2020 » - ved forskingsråd Erik Yssen.

a814f5e61b92352e7d6d62ebf61e9e8e6e23977a

Dagen etter var utvalet på vitjing hos Erasmus Hocheschool Brüssel.   http://www.erasmushogeschool.be/en/information-in-english Målet med vitjinga var å undersøkje grunnlaget for etablering av ein formell samarbeidsavtale innanfor relevante fagområde. Ein finn høgskulen midt i Brüssel med dei ulike fakulteta lokaliserte fleire stadar i bykjerna.  Absolutt eit spanande og urbant bekjentskap! Etter møtet fekk utvalet lunch på campus med påfylgjande omvisning av Stefan Moens til kunstfakultetet og delar av sentrum av Brüssel.

c8374466afa4cbf8ac7b6999f587346a175c39bf

Neste stad på programmet var Groningen, heilt nord i Nederland. Denne dagen fekk difor representantane oppleve Belgia og Nederland frå togsetet. Som vi veit er landskapet heilt flatt, men ein let seg derimot imponere av mykje flott bygningsarkitektur, effektiv kommunikasjon og mange syklande.  Etter ankomst og innsjekking rakk vi å få med oss ein flott tur på kanalane som omkransar vakre Groningen, eit slags Amsterdam i miniatyr.

8d0f07a96afac2932d62a12ab6f180c2ac7ebd74

Partnerbesøket på Hanze University http://www.hanzeuniversity.eu dagen etter var ei svært positiv oppleving! Kontaktperson Maria Schepers (se bilete under) kunne vise fram og orientere om ein moderne og mangfaldig høgskule med om lag 23000 studentar fordelt på 19 fakultet (Schools).

cea74a27347d06d9a4c1ce480fe8a7e919893a29
Høgskulen i Groningen har ei rekkje relevante utdanningar både på bachelor- og masternivå, som t.d. internasjonal kommunikasjon (240 ECTS). Dei har også 5 semesterprogram undervist på engelsk, som t.d. ein major i informasjonsleiing (information management). Ut over dette fatta fleire i utvalet interesse for nyskapande studium som “War child”, “Healthy aging” og “Serious games”. Høgskulen kan også tilby sommarskule innanfor fleire område, som t.d. “Making business within Europe”.

1cc2ac0d3d74325f55c116094245774bfd3f8339

Turen gjekk så til metropolen Amsterdam der representantane sto fritt til å bruke tid til eigne faglege opplegg. Nokre forlenga opphaldet og fekk oppleve kultur og folkeliv i Amsterdam.

I etterkant av turen er det inngått avtale om lærarmobiltiet med Erasmus Hogeschool i Brüssel, og ein delegasjon derifrå vil kome til Volda i februar 2013 i samband med internasjonale dagar. Det er også underskreve ein Erasmus avtale både om student- og lærarutveksling med Hanze University i Groningen. Representantar frå dette universitet vil også kome til Volda i februar.

Tekst: Bjørn Tafjord - Bilete: Bjørn Tafjord/Cecilie Wilhelmsen

Del på