Japansk interesse for animasjon frå Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Presentasjonen på Hiroshima International Animation Festival er den største av norsk animasjon nokon gong. Det er også den største presentasjonen av animasjon frå Volda nokon gong, utdjupar Strøm.

Filmar frå 1917 og fram til i dag
I Hiroshima skal alt frå dei første animerte filmane som blei laga her til lands til heilt nye TV-seriane visast fram. Det blir vist både kortfilmar, reklamefilmar, musikkvideoar, oppdragsfilmar, TV-seriar, spelefilmar og studentfilmar.

Viktig for utviklinga
I følgje Strøm er det ikkje tilfeldig at så mange av dei norske filmane har utspring frå Volda.
– Dei siste 15-20 åra har det vore ein profesjonalisering av norsk film. Dette heng tett saman med oppstarten av animasjonsutdanninga i Volda, og det er ingen tvil om at Volda har vore viktige i profesjonaliseringa av norsk animasjonsfilm, fortel Gunnar Strøm.

Stort prosjekt neste år
Han fortel også at det sett i gang eit spennande samarbeid med Magnar Åm ved Avdeling for Kulturfag og Volda Vokal for å vise norsk film og musikk i Japan neste år.

Sjå alle filmane
Du kan sjå ein komplett katalog over dei norske animasjonsfilmane som skal til Hiroshima.

Om festivalen
• Festivalen i Hiroshima blei starta i 1985 for å markere at det var 40 år sidan atombombinga.
• Ideen bak festivalen er å bidra til ei forståing på tvers av kulturar. Animasjonskunst er ein kunst som er felles for alle, uavhengig av land og språk.
• Festivalen blir arrangert annakvart år.
• I 2010 fekk norske Anita Killi hovudprisen for Sinna Mann.
• I 2000 fekk norske Pjotr Sapegin Hiroshima by sin pris for sin film Huset på Kampen.
• Hiroshima International Animation Festival mottar opp mot 2000 bidrag frå rundt 60 land, og meir enn 34.000 menneske deltok på festivalen i 2010.

 Du kan også lese meir om saka på NRK sine heimesider.

Foto: Oddbjørn Kvalvik. Tekst: Birgitte Bøen

Del på