Johann Roppen blir ny rektor ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

20a698e54a842dbd87df83c010d4587b
Jens Standal Groven og Johann Roppen tiltrer i stillingane i august.

Det var 190 gyldige stemmesetlar ved valet.  

Roppen er seniorrådgjevar med ansvar for forsking og utvikling ved Høgskulen i Volda. Han har permisjon frå stilling som professor ved Avdeling for mediefag. Groven er høgskulelektor og programansvarleg på bachelorutdanninga i PR, kommunikasjon og media ved Avdeling for mediefag. 

Dei to ser strukturdebatten, rekruttering av toppkompetente medarbeidarar og høgskulen sin regionale relevans som dei tre viktigaste utfordringane dei neste fire åra.  

STRUKTURDEBATTEN

– Regjeringa signaliserte ein strukturdebatt der kvalitet skulle styre struktur. Alle har godt av sjølvransaking, og kvalitetsbegrepet er viktig å diskutere. Etter Fjordkonferansen i 2013 vart det publisert ein antologi med tittelen «Det mangfaldige kvalitetsbegrepet». Tittelen og boka i seg sjølv viser at kvalitetsbegrepet er mangetydig og difor må diskuterast ut frå kva samanheng det skal nyttast. Men samtidig meiner vi at mangfald i seg sjølv er ein viktig kvalitet, også i høgskulelandskapet. Høgskulen i Volda er ein viktig bidragsytar til fagleg mangfald regionalt, og til språkleg mangfald nasjonalt. Slik bør det vere i framtida også. HVO får ikkje sjølv bestemme si eiga framtid og kva institusjonar vi eventuelt skal samarbeide meir med – eller bli fusjonerte med. Det vil bli svært så tid- og ressurskrevjande å gjennomføre større endringar som samanslåingar uansett vil bety – og diverre tyder erfaringar frå andre fagområde at det vil koste meir enn det smakar. Slike prosessar kan i seg sjølv vere ein tidstjuv og uansett medføre auka byråkratisering og formalisering. Høgskulen i Volda bør difor halde fram som sjølvstendig høgskule.

REKRUTTERING AV TOPPKOMPETENTE MEDARBEIDARAR

– Den andre utfordringa er rekruttering av toppkompetente medarbeidarar. Dette er ei konstant utfordring for høgskulen – men også ei naturleg utvikling. Når vi har fagfolk som har sett høgskulen i stand til å etablere masterutdanningar og no også ei doktorgradsutdanning, må og skal vi halde dette nivået. HVO brukar svært mykje pengar på mange ulike tiltak for dei som ønskjer å gå inn i eit akademisk løp fram mot doktorgrad og professorkompetanse. Vi bør sjå nøye på om ikkje vi også må innføre ordningar som fremjar den andre karrierevegen mot førstelektor og dosentkompetanse. I dag har vi så godt som ingen slike ordningar, og der bør vi bli betre. Dette bør sjåast i samanheng med utdanninga vi sjølve gjev, med fagutvikling og formidling og ikkje minst med ekstern oppdragsverksemd.

HØGSKULEN Sin REGIONALE RELEVANS

– Ei tredje utfording ligg i å vise endå tydelegare at det HVO driv med, har sterk regional relevans. Både ved at undervisnings- og forskingsaktiviteten blir meir kjend regionalt og nasjonalt, men også ved at undervisnings- og formidlingsaktiviteten i seg sjølv blir endå lettare tilgjengeleg via nye kanalar. Eitt døme på korleis dette kan gjerast, er det vellukka seminaret «Framtidas læring og skule», som alle interesserte kunne sjå og høyre via nett. MOOC er kanskje nytt for somme, men Høgskulen i Volda har i mange år vore blant dei fremste i landet på fleksible utdanningstilbod via nett. Klarer vi å kombinere den solide fagkunnskapen i fagmiljøa, pedagogisk teori, digital kompetanse i læring og praktisk mediekunnskap, kan alle avdelingar få eigarskap til eit fellesprosjekt. Og det trengst. Styrking og systematisering av intern og ekstern kommunikasjon er naturlege verktøy for å fremje desse måla.

Pressefoto:
Johann Roppen og Jens Standal Groven

Del på