Joikeflørt, lassokasting og bidos – ei veke med samisk preg

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

45bc1cb3ee4b50ac3e0b514b3d99b433
På portstolpane inn til Haualeite var det festa to hjortegevir – i mangel av reinsdyrgevir, som studentane skulle prøve å «fange» med lasso. Samisk lassotau var bestilt inn for anledninga og lærar Eli Karin instruerte studentane i korleis ein kastar lasso på samisk vis. Foto: Randi Holsvik

I kvart av dei to første åra på barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda har studentane ei Fleirkulturell veke med vekt på samisk kultur og språk. Førsteårsstudentane vert denne uka presentert for dette opplegget.

Tysdag fekk dei besøk av Maien Gaup Sandberg (19) og Elle Mari Dunfjell Oskal (19), som begge er samiske vegvisarar – ei ordning der samisk ungdom reiser rundt i landet og held foredrag om samisk kultur og samfunnsforhold. Dei starta med å ta for seg samane si historie som urbefolkning i Noreg, frå dei busette seg i nordområda og fram til i dag. Det vart etterfølgd av informasjon om samenes språk, tradisjonar og korleis dei lever i dag.

Joik som sjekketriks

Studentane fekk presentert noko dei visste litt om frå før, men det som kanskje overraska dei var korleis samane flørtar med kvarandre.

– Før i tida var friarferd vanleg. Men også beltedragning, som framleis går føre seg. Det vil seie at to menn dreg i beltet til ei dame heilt til den eine klarer å drage det det til seg og vinn «kampen». Men dama har lov til å takke nei til mannen altså, forsikrar Sandberg og Oskal, før dei fortset:

– Det som er enda meir vanleg i dag er å bli joika til som et forsøk på flørting. Ofte har samar sin egen personlige joik, som blir joika av den som vil flørte med vedkomande. Ein kan høyre nokon gå i gatene og joike etter ein eller ei dei er interessert i. Det kan verke litt spesielt, men eg har opplevd det, medgjev Oskal.

6ca7ab9778f06e77978740c0bf772854
Maien Gaup Sandberg (t.v.) og Elle Mari Dunfjell Oskal.

Dei to 19-åringane, som begge opphavleg er frå Kautokeino, har eit ønskje om at nordmenn skal kvitte seg med dei stereotypiske tankane ein del har om samar. Ifølgje dei er 10 prosent av samane i Noreg knytt til arbeid med reindrift.

– I tillegg til det og fiske og jakt, har vi heilt vanlege jobbar. Vi samar kan virke eksotiske og er litt framandgjort. Mange trur vi berre bur langt opp mot nord, men vi har busettingar heilt ned til Hedmark. Vi har utvikla og modernisert oss og lever som andre nordmenn – og har faktisk internett, smiler Sandberg og Oskal.

God motivasjon til arbeidslivet

Dette er også noko av det Hanne Elin Harnes ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda vil at studentane skal sitte igjen med etter veka.

– Dette er viktig bakgrunnskunnskap for studentane. Dei må vere tydlege på korleis dei formidlar samisk kultur og historie til barna i barnehagen. Eit bilde av ein lavvo, ein same og ein rein kan vere vel og bra, men ein må også vise at samane har utvikla seg. Det er viktig at barnehagelærarar ikkje framstiller samane som veldig annleis enn andre nordmenn, seier Harnes og legg til at dei gjennom Forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning er pålagt å undervise studentane om dette.

842f346a31f65ce4648c6526289f779a
I undervisninga onsdag skulle studentane på ein post setje gevir på reinsdyret – à la setje hale på grisen. Foto: Randi Holsvik

Måndag fikk studentane innføring i Barns utvikling, leik og læring, medan tysdagen gjekk med til Samfunn, religion, livssyn og læring. Knytt opp mot samisk språk og kultur.

Onsdag starta dagen med forelesing om samisk kultur og tradisjon før dei flytta seg til Haualeite, som ligg vakkert til ved foten av Rotsethornet i Volda. Der vart studentane delt inn i to grupper, der den eine gruppa fekk i oppgåve å lage den samiske gryteretten bidos over bål. Bidos består av reinsdyrkjøt og rotgrønsaker, og retten vert brukt både til kvardags og fest - som barnedåp, konfirmasjon og bryllaup. Samtidig prøvde dei andre studentane ut ulike aktivitetar og leikar. Gruppene bytta etter ei stund, slik at alle fekk prøve seg på matlaging i friluft.

5f3168a88ac18836227b06786cd5483e
Studentane fekk lære å lage matbål, stå for opptenning, fyring og å lage den samiske
retten bidos ute i det fri. Til slutt vart bålplassen rydda og brannsikker og sporlaus
ferdsel vart praktisert. Foto: Randi Holsvik

Torsdag var studentane ute i praksisbarnehagane sine og gjennomførte aktivitetar med samisk preg, før dei kom tilbake til høgskulen og presenterte det dei har gjort med ei digital forteljing.

– Vi håpar at studentane sit igjen med utvida kunnskap om samisk språk, kultur og historie. Og at dei nyttar denne kunnskapen i sitt framtidige yrke som barnehagelærarar. Vonleg har denne veka vore ein inspirasjon til det, seier Harnes.

Del på