Joner og Hatlo vitja Drama og teater-studentane

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1bc6eb2b4a50b97c19a33250a3833cd701cc40c5

Programansvarlig for Drama og teater, Vibeke Preus Bech har ved mange høve gjort seg nytte av filmopptaket av Myrna Vep i pedagogisk augemed, og torsdag hadde ho altså skodespelarane frå den populære farsen frå 1996 i teatersalen på Kaarstad.

-Dette er årets høgdepunkt for studentane, og dette er årets einaste gjestelærarar, sa Preus Bech. Vi har sett forestillinga deira på film, og no får studentane innblikk i prosessen bak. Dette er viktig lærdom og profesjonell hjelp for studentane, då dei er i ferd med å iscenesetje sine eigne produksjonar no.  

Skodespelarkunst versus lommebok

Apropos profesjon: Anders Hatlo kunne med godt humør fortelje at dei ikkje var i skodespelaryrket for pengane si skuld.

-Teater betalar diverre dårleg. Det å bli betre i skodespelarfaget er det klart viktigaste. Ein kan ta sidejobbar for å subsidiere inntekta, men kunsten finn ein i dei gode rollene - pengane andre stadar, sa Hatlo, og drog fram Mot i brøstet som døme på mindre kredible måtar for ein skodespelar å fylle kontoen på.

Å skape noko saman

Lyttande skodespelartalent fekk servert synspunkt på den viktige dynamikken mellom publikum og skodespelarar, og fekk høyre at Johannes Joner samanlikna teater med sport.

-Lytting er den viktigaste reiskapen til skodespelaren. Her ligg det ein parallell til dynamikken mellom spelarar i lagsport: Ein gjer ting saman, skapar ei kjensle saman, som igjen gjer at ein skaper ein flyt som tek ein mykje lenger enn om ein var åleine, sa Joner. Hatlo på si side skaut inn: -Ein skal lytte dobbelt så mykje som ein pratar!

Engasjerte studentar inspirerte

Og studentane viste til fulle at dei meistra lytte-aspektet denne dagen, men var også nyfikne og stilte gode spørsmål, noko som dei to skodespelarane fann inspirerande.

-Vi synest det er frykteleg morosamt å ha kontakt med yngre skodespelarspirar fordi vi får slike entusiastiske attendemeldingar. Vi seier kanskje ikkje alltid det pedagogisk rette, men vonar vi formidlar noko nyttig likevel, sa Joner, før han la til at det var nyttig for dei å av og til måtte snakke om si eiga teaterverksemd i eit metaspråk.

-Lærerikt og pedagogisk interessant

Student og manusforfattar for årets VEKE-revy, Hanna Klingberg, var svært glad for den overraskande gjesteforelesinga.

-Det var veldig lærerikt. Vi lærte mykje om iscenesetjing og realisering av manus, med tanke på dramaturgi og korleis forhalde seg til gangen i historia. Myrna Vep er eit stykke som bryt med dramaturgiske sjangerkonvensjonar på ein vellukka, og er difor interessant for oss i ein pedagogisk augemed. Å ha skodespelarane frå stykket her i dag har vore ein stor inspirasjon, avsluttar ein nøgd Klingberg.

Del på