Kan påverke eiga framtid og vinne flott premie

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

77638d9eb1cb9e73ffe8ba057fe2f1e8
Leiar av Studenttinget i Volda (STiV), Karoline Strand, er tydeleg på at studentane bør ta seg tid til undersøinga for sitt eige beste.

Den årlege nasjonale studentundersøkinga gjeld for studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar. Dei vil bli kontakta av NOKUT på SMS og e-post og inviterte til å svare på spørsmål om mange sider ved studium og studiestad. Undersøkinga vert gjennomført i perioden 11. oktober til 8. november.

– Ei slik kartlegging frå studentane sine studieprogram og deira tilvære i Volda er viktig. Studentane bør bruke dei få minuttane denne undersøkinga tek, då vi i STiV kan bruke den til å utvikle høgskulen og ikkje minst kan høgskulen sjølv implementere den i sitt vidare arbeid med å utvikle seg sjølv, seier leiar i Studenttinget i Volda (STiV), Karoline Strand.

Betyding for kvalitetssystem

Prorektor ved Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven, oppmodar også studentane om å delta – både for høgskulen sin del, men ikkje minst for studentane sin eigen del.

34a21ee29e15aa1a8bcf89cac5d5520b

– Her har studentane ei god anledning til å seie frå om kva dei er nøgd med og ikkje nøgd med. Vi skal revidere kvalitetssystemet vårt ved høgskulen, og Studiebarometeret skal integrerast i det arbeidet. Det vil seie at studentane kan vere med på å påverke korleis det vert arbeidd med utviklinga av utdanningane i Volda. Vi ønskjer å høyre frå flest mogleg studentar gjennom denne undersøkinga, seier Standal Groven.

For at ein skal få mest mogleg ut av undersøkinga ønskjer studentpolitikaren Strand at deltakarane verkeleg gjer uttrykk for det dei meiner.

– Dei som deltek må vere ærlege og seie korleis ting er, viss ikkje kan korkje vi eller høgskulen forbetre noko.

20 000 i potten

Han har også ei lita gulrot på lur for dei som er flinke til å svare. I potten ligg det 20 000 kroner til eit skreddarsydd opplegg på Rokken til den klassa som får høgast svarprosent.

– Det er ei fin gulrot, men eg håper studentane først og fremst svarar på undersøkinga for at dei vil vere med på å påverke sin eigen studiekvardag, seier Strand.

I fjor fekk Høgskulen i Volda høg svarprosent, og om ein oppnår det same i år vil det vere eit godt bidrag i arbeidet med studiekvalitet. Studentane gav då HVO ein samla karakter på 4,1 der 5,0 er beste karakter. Det var best av høgskulane i Møre og Romsdal, og stod seg også godt nasjonalt.

Ifølgje NOKUT tek det 10-12 minuttar å svare på skjemaet, dersom studenten ikkje bruker tid på å kommentere underveis.

Undersøkinga omfattar om lag 60 000 studentar på universitet og høgskular i heile landet.

Del på