Karrieredagane 2013!

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Karrieredagane er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke, Høgskulen i Volda og ei rekkje andre regionale aktørar. Målet er hovudsakleg å redusere feilval i vidaregåande skule.  Det er femte året på rad at Høgskulen i Volda er vertskap for Karrieredagane i vårt område.

Opninga
Karrieredagane gjekk over to dagar. Onsdag var skular frå Volda og Ulstein på besøk, medan skular frå Ørsta og Ytre Herøy var på besøk på torsdag.

Onsdag opna Rune Solnes Opsdal, som er assisterande fylkesutdanningssjef i Møre og Romsdal, Karrieredagane 2013 med å ønskje elevane lykke til med vala som dei snart står framfor. Torsdag var det Arnulf Goksøyr, ordførar i Herøy kommune, som introduserte Karrieredagane.
– Det er opp til deg dersom du vil ha draumejobben. Du må gå inn for det, jobbe mot det, og ikkje gi opp!

Fleirkameraproduksjon
Elevane fekk desse dagane gå rundt i grupper på campus på Høgskulen i Volda og i Voldahallen. I Voldahallen fekk elevane presentert ulike offentlege og private verksemder.

På ein av postane på campus, fekk elevane presentert moglegheitene innanfor høgare utdanning i fylket. Høgskulen presentere dette med ein ny vri i år. Studentar ved Media, IKT og Design hadde ein fleirkameraproduksjon der det vart filma frå høgskulane sine stands i naborommet, medan elevane fylgde med på direktesending på storskjerm.

Vellykka arrangement
Prosjektkoordinator Torill Engseth er godt nøgd med årets arrangement.
– Det har vore to kjekke dagar med mykje liv på campus. Vi vonar det har vore lærerikt for elevane, og at dei har fått litt meir innblikk i moglegheitene dei har innan framtidig utdanning, jobb og karriere.  


 

Del på