KARRIEREDAGANE 2014 PÅ SØRE SUNNMØRE

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

f88f2889f37de5a26796ddcff6694a98
Bilde frå posten til høgare utdanning under Karrieredagane 2013. 

Målsetjinga er å kunne tilby eit arrangement som vert opplevd som nyttig sett i høve til val av utdanning og yrke. Karrieredagane skal også vere ein motivasjonsfaktor for dei som ønskjer å velje framtidig utdanning og karriereløp i eigen region. I tillegg skal 10-klassingane få meir kjennskap til val av utradisjonelle utdannings- og karrierevegar på tvers av kjønn og etnisk bakgrunn. På arrangementet vil lærarar og elevar /lærlingar frå dei vidaregåande skulane, representantar frå opplæringskontor, arbeidsliv i privat og offentleg sektor og høgare utdanning vere til stades. På Søre Sunnmøre er dei ulike postane organisert i fag- og utdanningsområde, der retningar innanfor programområde, opplæringskontor og arbeidsliv er samla. Det er lagt opp til at det skal vere relevant aktivitet på dei ulike postane. Intensjonen er å vise den ”raude tråden” innanfor dei ulike yrkesretningane.

Partnarskapsgruppe

Karrieredagane 2014 er styrt av ei gruppe aktørar frå utdanning og arbeidsliv på Søre Sunnmøre. Partnarskapsgruppa har i år desse medlemmane. Anne Marie Pilskog (Opplæringskontoret i Hareid), Liv Ose (Ulstein vidaregåande skule), Ann Turid Andersen Egset (Ørsta vidaregåande skule), Heidi Aambakk (Ørsta ungdomsskule), Ove Krumsvik (Volda ungdomsskule), Jan Thormodsæter (MAFOSS), Trine Pilskog (NAV), Erlend Krumsvik (Herøy kommune), Hege Nedreberg Vestavik (Herøy vidaregåande skule), Randi Kalland (Volda vidaregåande skule), Terje Vilnes (Opplæringskontoret for elektrofag), Eirik Bech (Høgskulen i Volda) og Torill Engeseth (prosjektkoordinator Høgskulen i Volda).

Partnarskapsgruppa er svært glade for den positive utviklinga Karrieredagane på Søre Sunnmøre har hatt. Det har vore og er eit svært godt og positive samarbeid mellom alle aktørane. Organisasjonsmodellen har fått gode tilbakemeldingar frå både lærarar og elevar i grunnskulane.

77cbe21fa140c48a89b557c995f4f8a1
Posten til FiskOK, Fiskerifagleg opplæring i Møre og Romsdal, på Karrieredagane 2013. 

Elevprosjekt

I førebuinga til arrangementet på Søre Sunnmøre er elevar ved dei vidaregåande skulane i Ørsta, Ulstein, Herøy og Volda involvert. I år vil elevar frå Restaurant- og matfag ta ansvar for servering, elevar frå Musikk, dans og drama vil stå for underhaldning, elevar frå Service og samferdsel vil vere guidar under arrangementet og elevar frå Bygg- og elektrofag har ansvar for rigging og rydding. Arbeidet er organisert i elevprosjekt som til saman utgjer ein velorganisert dugnad.

Eiga avis

I samband med Karrieredagane på Søre Sunnmøre blir det kvart år gitt ut eiga avis. I avisa «Vegen vidare» kan elevane lese meir om utdanning og yrke og få innsikt i ulike arbeidsplassar/bedrifter i regionen. Det redaksjonelle stoffet i avisa skal supplere og gi meir informasjon om det faglege innhaldet i arrangementet. Avisa skal dessutan brukast i for- og etterarbeidet til Karrieredagane i grunnskulane. Partnarskapsgruppa håpar at ho vil vere ein nyttig reiskap på vegen mot det viktige valet av vidaregåande opplæring 10-klassingen står ovanfor. Meir informasjon om Karrieredagane på Søre Sunnmøre  finn ein på www.hivolda.no/karriere.

Vel møtt til Karrieredagane 2014

På vegne av partnarskapsgruppa,
Torill Engeseth
Prosjektkoordinator for Søre Sunnmøre
Epost: te@hivolda.no
Tel. 70 07 50 90 / 458 06 705

Del på