Kjærleiken er for alle

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Føremålet med arrangementa er å tydeleggjere at kjærleiken er for alle, også i bygdene våre. Å vere lesbisk, homofil, bifil eller transperson i små lokalsamfunn skal vere trygt og godt. Vi vil difor skape møteplassar der dette blir tematisert. Slik vil vi også ønskje alle – uansett legning og kjønn –  velkomne til studiebygda Volda i fadderveka ved Høgskulen i Volda.

Hilde Enger Arntsen frå FRI er hovudføredragshaldar under det opne seminaret om ettermiddagen på Høgskulen i Volda. FRI står for foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold. Dei arbeider for likestilling og mangfald, og mot diskriminering i Noreg og i resten av verda. Eli Anne Løksa, studentrådgjevar ved Studentsamskipnaden i Volda, og Lisbeth Hoggen Totland, helsesøster i Volda kommune og ved Volda vidaregåande skule, vil vidare orientere om sine tenester. Arrangørar for seminaret er Høgskulen i Volda i samarbeid med Studenttinget og Studentsamskipnaden i Volda. Biblioteket ved Høgskulen i Volda vil presentere ei utstilling om temaet i samband med seminaret.

Tid: Måndag 21. august 16.00.
Stad: Vesle auditorium Berte Kanutte-huset

Del på