KJERSTI KLEVEN OPNAR SEMESTERET VED HØGSKULEN I VOLDA

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

045c0ef1b8c55fc370900955128e8b795dee2895
Styreleiar i Kleven Verft Kjersti Kleven held opningstalen ved semesteropninga.

Kjersti Kleven er medeigar og styreleiar i verftskonsernet Kleven. I tillegg har ho fleire bransjepolitiske verv m.a. som styremedlem i Ekornes og styreleiar i Norsk Industri. Kleven er utdanna cand.polit. frå Universitetet i Oslo med hovudfag i sosiologi, og ho har arbeidd som forskar både ved Norsk institutt for by- og regionforsking og i forskingsstiftinga Fafo.

Kjersti Kleven var personalsjef i Rolls-Royce Marine og prosjektsjef i Nordvest Forum før ho valde å konsentrere arbeidsinnsatsen om familien sine investeringar. No i sommar vart ho av regjeringa oppnemnt til eit offentleg utval som skal vurdere i kva grad innhaldet i den norske skulen dekkjer dei kompetansane som elevane treng for samfunns- og arbeidslivet i framtida.

Studentband

Musikken under opningsseremonien vil «The Blues, The Brass and The Big Band» ta seg av. Bandet vart oppretta ut frå ei musikk-klasse ved høgskulen i fjor, og dei vil glede tilhøyrarane med godlyd både frå strupar og mange instrument. Med trommer, tuba, klarinett, walthorn, saxofonar, gitar, piano, munnspel, trekkspel og mandolin skal det bli variert musikk med skikkeleg ompa-stemning!

Som vanleg vil det verte helsingar frå rektor, studenttingsleiar og fadderansvarlege.

Seremonien på storskjerm

Opningsseremonien blir i kantina på Berte Kanutte-huset. Den blir også vist i store auditorium ved sidan av kantina. 

Om Fadderveka og annan nyttig informasjon

Gå hit.

Del på