Klar for å ta imot nye studentar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

fe01b767be0cb2c6514561b627eab75f

Tysdag er endeleg dagen her – studiestart for skuleåret 2015/16 ved Høgskulen i Volda. Fadrane var måndag samla for å få informasjon før dei nye studentane inntek høgskulen. Då står Fadderveka for tur med ei rekkje arrangement og aktivitetar.

Leiar for Fadderveka, Nikolai Bjørnevik Flisnes, er ein travel mann om dagen, som ser fram til å sette i gang.

– Det er like artig kvart år å ta imot nye studentar. Eg håper dei vil kose seg mest mogleg og ha same nytta av veka som det eg hadde då eg tok til på høgskulen, fortel Flisnes.

engasjement

Han har eit godt apparat med seg i styret for Fadderveka, og ikkje minst dei 120 fadrane som skal sørgje for at dei nye ansikta på høgskulen skal få ein best mogleg start på studentlivet i Volda.

– Vi ønskjer at dei nye studentane skal få eit godt fyrsteinntrykk av Volda, og at fadrane viser fram bygda sine beste sider. Studentmiljøet er bygd opp på engasjement. Det håper eg vi kan vise fram, og at dei nye studentane ser gleda av det, og at dei vil vidareføre det, seier Flisnes.

Her finn du informasjon om studiestarten.

MYKJE Å BY PÅ

Tysdagen tek til med offisiell opning av studieåret klokka 12.00. Etter det skal nye studentar møte sine fadrar og bli viste rundt på campus, før studieorientering for deira studium ventar. Så står rebusløp med fadrane for tur og konsert på Rokken, for dei som ønskjer det.

0451d0ec447e9f71a9309889357fc8c7
Fadrane gjer klar posar med mykje kjekt i for dei nye studentane.

– Vi har aktivitetar frå klokka to-tre på ettermiddagen til ti om kvelden kvar dag gjennom veka. Alt opplegget i Fadderveka er lagt opp slik at dei nye studentane skal sosialisere seg, så har vi en del arrangement som fadrane tek med seg dei nye studentane på. Vi har mykje å by på – alt frå fotballturnering, DJ-kurs til open klatresilo, seier Flisnes, før han kjem med nokre velvalde ord til dei som ska ta til som student ved Høgskulen i Volda:

– Det kan vere både skummelt og spennande, men det er difor Fadderveka er til. Og er det noko ein lurer på, er det berre å spørje.

Sjå programmet for Fadderveka her.

pressefoto

Fadrane samla
Fadrane gjer klar posar

Del på